Bevis på at eg byrjar å bli vaksen - 1

No er eg sikker! Eg har byrja å nærme meg det dei kallar vaksen alder, og veit de kvifor?
Svaret kom overraskande nok frå ein reklame på TV2.
Det har nemleg komt ein samleplate.. Frå 90-talet.. Der eg kan hugse dei fleste sangane..
Folk ser altså allereie (er trass alt ikkje meir enn 6-7 år sidan 90-talet) tilbake på 90-talet, og vil kjøpe musikken. Det verste er at eg ikkje blir ein tanke overraska om den selgjer ganske bra.
Då eg var på leir i fjor sumar var eg på 90-tals-disko. Det var artig å tenkje på dei “gamle” sangane, og når eg ser over lista til den nye dobbeltplata, så er det berre ein ting eg saknar: “Lille Lørdag - Ruglete Pommfri”.
No veit eg at dei fleste lesarane mine er omtrent på same alder som meg (alle 3 :tongue:), men er det nokon som har hatt nokre liknande opplevingar?
Liknande artiklar
- “Ferie” - Nyheiter
- Ein tanketom årskavalkade - Sidenyheiter
- Sumarmusikk - Musikk
- VVV: coke.no - Internett
- Oppdatert: Tankesludd: Mange på nett - Internett