Best of 2007

2007! Året då ingen var pusekattar! Året då alle setningar med ordet “is” gav meining, uansett følgjande språk! Året då web 2.0 dukka opp i media, og ingen like vel skjønte kva det var! Året då det verkeleg blei sett fokus på miljøet! Året då englar blei kongestoff! Året som no er omme! Eg vil her summere opp det eg likte best med 2007.
Årets (200)7 beste album

Modest Mouse - We Were Dead Before The Ship Even Sank
Amerikansk indierock med blant andre The Smiths-gitarist Johnny Marr på laget.

Radiohead - In Rainbows
Treng Radiohead ein introduksjon? Det beste albumet deiras på lenge.

Arcade Fire - Neon Bible
Kanadisk indierock. Betre live enn på plate, og det seier litt når plata er så god som denne.

Robert Plant & Alice Krauss - Raising Sand
Koseleg bluegrassmusikk. Artig blanding av artistar, men eg tykkjer absolutt at det fungerar.
.jpg)
Kanye West - Graduation
Ein kjem ikkje heilt utanom denne karen uansett. Eg kan ikkje for det, eg likar musikken.

!!! - Myth Takes
Discofunknoiseelectronica. Absolutt høyrbart!

Kaiser Chiefs - Yours Truly, Angry Mob
Ja, ja, berre ja. Britrocken er tilbake, og eg likar det!
Årets (200)7 beste filmar

300
Med unntak av orda “THIS! IS! SPARTA!”, så er vel filmen mest kjent for å vere den mest nydelege valdsfilmen nokon sinne. Det er nesten så ein grét når ein ser dei nydelege slowmotionscenene med blod og kroppsdelar over alt. Praktfull overføring frå teikneserieformatet, og enormt kraftfullt.

The Last King of Scotland
Endå ei sterk historie. Filme er eit nærbilete av Idi Amin frå han tek makta, til han mistar grepet. Historia blir fortalt gjennom ein skotsk lege som omtrent tilfeldig blir hans livlege. Visar korleis karismatiske leiarar ofte kan vere dei mest forkvakla.

Superbad
Ja, gud! Ja! Den første high school-filmen sidan seint 80-tal som verkeleg fungerar (Fuck, American Pie!). Her er historia om to gutar som skal prøve å avslutte si high school-tid ved å gjere sitt beste for å sanke saman mest mogeleg seksuell erfaring. Det viktige er jo å vere erfaren før du byrjar på college, er det ikkje?

This Is England
Historie om arbeiderklasseungdommen i Thatcher-England. Unge Shaun mistar faren i krigen mot Argentina, og på skulen er han eit mobbeoffer. Så blir han plukka opp av ein litt eldre gjeng som gir han ei tilhøyrigheit. Når den nasjonalistiske gjengleiaren kjem ut av fengsel, dreg han med seg Shaun også. Sterk og ærleg sosialrealisme.

The Jason Bourne Ultimatum
Avslutninga på Jason Bourne-triologien. Og for ein avslutning. Spesielt slåssescenene er beskrivande. Det er hardt og rått, og lite unødvendige saltoar og høgteknologiske triks. Det er ikkje musikk ein gong. Jason Bourne er ein realistisk agent, ingen superagent, som James Bond.

Starter for 10
Søt, britisk romantisk komedie om ein ung, uerfaren mann som startar på universitetet i ein ny by. Der kjem han inn på quizlaget, ein fascinasjon han har hatt lenge, og gjer stor suksess. På damefronten har han to valg. Den blonde, barmfagre pene dama med rike foreldre, eller den venstrepolitisk aktive, mørkhåra (fortsatt pen spør du meg) dama frå arbeidarklassen. Klassisk britisk komedie, og det meinar eg berre godt.

Hot Fuzz
Engelsk “Bad Boys”-parodi frå dei same som lagde Shaun of the Dead. Den utruleg flinke politimannen Nick Angel blir suspendert frå Londonpolitiet fordi han rett og slett er for flink. Den gode oppklaringsprosenten hans set dei andre til skamme. På grunn av dette blir han sendt til landsbyen med lågast kriminalitet, ein landsby som ikkje er det den ser ut som, der politiet er noko heilt anna enn det han er vant til.
Årets (200)7 beste sitat
“Don’t tase me, bro!”
- Andrew Meyer, som stilte Kerry nokre kritiske spørsmål, for så å bli taza av sikkerheitsvaktene.
“This is the picture of an asshole.”
- Justin Timberlake tek bilete av fotografen som tek bilete av han.
“Jeg er ingen pusekatt.”
- Valla forsikrar alle om at ho ikkje er ei pusekatt, berre ei real tispe.
“We don’t have homosexuals!”
- Mahmoud Ahmadinejad visar stor kunnskap om sitt eiget land.
“I personally believe that U.S. Americans are unable to do so because some people out there in our nation don’t have maps and I believe that our education like such as in South Africa and Iraq and everywhere like such as and I believe that they should our education over here in the U.S. should help the U.S. or should help South Africa and should help Iraq and the Asian countries so we will be able to build up our future for us.”
- Miss Teen South Carolina er nok ikkje ein så stereotyp amerikanar som dei fleste trur, men god til å snakke er ho ikkje. Men å klare å trekke inn to vanskeligstilte statar, utdanning, den tredje verda og “behjelpelege” USA i ei setning, er unekteleg ganske imponerande like vel.
“There’s only three things he mentions in a sentence: a noun and a verb and 9/11.”
- Joe Biden, senator og Demokrat, snakkar om Rudy Guliani, statministerkandidat for Republikanarane, som har “Ikkje ein ny 9/11″ som sitt hovudstandpunkt
“Read a book! Read a book! Read a mo’fu’in book!”
- Black Entertainment Network si kampanje for å få svarte til å lese meir
Mine (200)7 favoritt del.icio.us-linkar
Unconventional Dance Moves
Dansesteg som må prøvast!
One Thousand Tiny Things I hate
Ein blogg som tek for seg ein liten ting kvar dag som irriterar vetet av forfattaren. Skal ende opp som 1000 ting til slutt.
Les bloggen her
Popcorn smell i 5400fps
Det.. er.. så.. nydeleg..
Kevin Smith heckles a heckler
Kevin Smith er helt. “Wear black, and wear layers!”
Meet the World
Icaro Doria, ei brasiliansk artist, har brukt flagg for å framstille urettferdigheita i land på ein særs grafisk måte. Det er nok ikkje heil empirisk riktig, men det er like vel ei artig framstilling.
Link til “Meet the World”-flagga.
Chicken chicken chicken
Doug Zonker sin presentasjon på AAAS sin “humour session”. Eg ler, og eg ler. Kan ikkje for det.
Giovanni Sollima - Sogno ad Occhi Aperti
Lasse Gjertsen sitt siste prosjekt. Ein berre må like denne.
Og ja, dette er fullstendig subjektivt, og diverre, nei, eg har ikkje sett alle filmar eller høyrt all musikk, eller fulgt med på alt som skjer. Men kom gjerne med dine forslag eller send ein trackback til ei liknande sak!
Liknande artiklar
- Veketoppen v.42 - Musikk
- Songbird 0.2.5 - AnbefalingarMusikk
- Banneremse - Film
- Julepresangar - Nyheiter
- ABC Nyheter - InternettMedia
Tuesday 1. January 2008 klokka 14:28
Min personlege favoritt er “Read a book! Read a book! Read a mo’fu’in book!”
Godt nytt år!
Tuesday 1. January 2008 klokka 20:55
Dette innlegget var bra skrevet Andreas;)
Stå på i 2008 også;)
Wednesday 2. January 2008 klokka 14:55
“Starter for 10″ hadde gått meg hus forbi hadde jeg ikke lest dette. Tom Hanks har vært med å produsert, er jo dømt til å bli bra. Takk
Thursday 3. January 2008 klokka 0:03
No problem! Veldig grei om du har sansen for veldig britiske, romantiske komediar