Bandit - norsk rockeradio

Noreg har endeleg fått sin eigen rockeradio: P4 Bandit!
Endelig er vi på plass. Norge har fått en egen rockekanal.
Vi spurte det norske folk hvilken radiokanal de ønsket seg og svaret var unisont - We want rock!
Dette er opningssitatet på Bandit si nettside, der du i tillegg til å lese rockenyheiter og om alle programleiarane, kan høyre på nettradioen til Bandit, som er utprøvd i dag, og med unntak av litt Good Charlotte, så verkar det knall.
Og når dei får plass programma sine og fyller ut sendeplanen, som for augenblinken består mykje av avspeling av spelelister med rock, så kan dette bli min nye favorittkanal.
Persongalleriet i Bandit består av blant andre Silje Stang, (Slemme)-Tor Milde, skaprocker Kåre Magnus Bergh (ja, han idolpuseprogramleiaren) og trommerocker Danny Young frå favorittbandet Gluecifer, i tillegg til andre, tidlegare ukjente, rockarar.
Bandit er tilgjengeleg som nettradio og på det “nye” nettverket, DAB. Dette er ikkje heilt utbygd over alt, men er du i nærleiken av ei maskin med skapeleg netthastigheit, så kan du få det inn.
Dette bør bli bra!
Liknande artiklar
- Veketoppen v.42 - Musikk
- Sumarmusikk - Musikk
- Veka 2007 - Musikk
- Der! - Sidenyheiter
- Den siste månaden - Sidenyheiter