Aprilsnarr!!
Tenkte berre eg skulle legge ut av ting som eg på slutten av dagen trur kjem til å bli avslørt som aprilsspøkar.
Vil berre starte med å seie at eg, som VG, av prinsipp ikkje lurar folk april.. Iallfall ikkje på nettet.. På denne nettsida.. ANYWAY!
Eg byrjar med Bergens Tidende, som i ei årrekke er kjent for artige aprilsspøkar. I fjor jobba eg i redaksjonen deiras då dei avslørte sin spøk om at eit isfjell hadde lagt seg ved bryggen. Dette var jo så dårleg photoshoppa at sjølv ein bavian kunne ha sett det, men det var fullt og framt spøken deiras i fjor. I år har dei gått for ein litt meir subtil ein, der dei lanserar ei ny teneste der ein kan finne kven som helst, kor som helst ved å tracke mobiltelefonar. Føljer du linken, kjem du til eit genialt flash-dokument.
“NASA har oppdaga vatn pÃ¥ MARS!!”
- lenger nede i artikkelen
Dagbladet blei lurt av Dagavisen! DB.no meldar nemleg, via Dagsavisen, at Dan Børge Akerø skal ta over for Skavlan i Gullrekka. Noko NrK sjølvsagt held kjeft om (så rart?).
Sjølv om det nok ganske sikkert er ein aprilsspøk, så tykkjer eg at Aftenposten sin er ein ganske god idé. Alle hundar skal DNA-registrerast slik at uopplukka drit frå dei skabbete kjøterane ikkje skal gå ustraffa for seg, men DNA-testast og bøteleggast. Det same burde for øvrig gjelde for hestar.
NrK har ei sak som verkar for god til å vere sann, og då pleier det jo også å vere det. Ved hjelp av avansert nano-teknologi kan nemleg miljøbevisste kundar filtrere ut straum som har blitt produsert på ein miljøskadeleg måte, og på den måten ha godt samvit, uansett kva selskap du kjøper straumen din hjå.
Oppdatert:Itavisen.no meldar om at Apple, som ein takk til sine norske kundar, har laga ein bunads-iPod som kjem ut i 1000 eksemplar. Close, but no cigar, itavisen. Men den var betre enn GTA: Oslo.
Se og Hør meldar om at du no kan vinne Britney Spears sitt hår. I just threw up in my mouth..
Google meldar om ei ny fantastisk teneste der du kan få mailen din tilsendt på resirkulert soyapapir heim til deg. No pop-ups, no flashy animations!
Sånn historisk sett, trur eg at ein av dei aprilsspøkane eg hugsar best er då Einar Førde, dåverande kringkastingssjef i NrK, kom ut på Kykkeli-Kokos (me snakkar sikkert eit halvt liv sidan) og sa at barne-TV skulle frå no av gå på NrK2. SKUFFA!!! Meg, som barn med berre NrK1 og TV2 tok dette sjølvsagt særs tungt. Dei avslørte det seinare i programmet, men eg trur at den episoden er det som har gjort meg såpass kritisk til media (Dét og god opplæring på medialinja sjølvsagt).
Aprilsnarr er visst nok ein skikk som stammar frå 1500-talets Frankrike, då ein spelte puss med folk ved å, i all hemmelegheit, feste ein papirfisk på ryggen deiras den 1. april. Denne blei kalla aprilfisken. No gidd eg ikkje å kopiere fleire ting frå Wikipedia, så for å sjekke ut nokre knallgode, kjente spøkar kan de gå til Wikipedia si side om aprilsnarr.
Btw: Siste nytt!! NASA HAR OPPDAGA VATN PÃ… MARS!!!
Har du oppdaga nokre aprilsspøkar i dag? Hugsar du nokre aprilsspøkar godt?
Liknande artiklar
- Dagbladet twitrar - Internett
- Den siste månaden - Sidenyheiter
- Veketoppen v.42 - Musikk
- ABC Nyheter - InternettMedia
- Fantastisk motsigelse - MediaPolitikk