Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

And now for something completely different: Natur og Ungdom er illuminatiterroristar

illuminati.png

Ja, du las riktig. Og du las det her først. Med mindre du er ein ivrig lesar på hardcore anti-new world order-wiki’s da…

Neida, eg lyg ikkje. Samanhengsfangaren xiandos, som i følge seg sjølv kun har som agenda å “å publisere så mye sann og viktig informasjon som mulig gratis og fritt tilgjengelig for allmennheten.”

I følge han er Natur og Ungdom altså “secretly Illuminati terrorist”. Og kvifor? Jo, fordi dei har trekanta menylistepunkt i menyen på nettsida si sjølvsagt! Djevlesymbolikk! Nei, eg tullar ikkje. Det er akkurat det han skriv.

Ein skulle tru at han var litt betre til sinns mot ein ungdomsorganisasjon som er misfornøgd med Jensemann og resten av Arbeiderpartiet. Kvifor eg trur det? Jo, fordi det “sosialdemokratiske” Arbeidarpartiet sitt tyske motstykke blei leia av ein “talentlaus målar” med bart ein gang på 40-talet.. Og den einaste direkte samanlikninga? Wait for it.. Waaait for it.. Joda, Arbeiderpartirosa er ein illuminatitrekant oppned og litt på skrå..

Sjølv om eg reint politisk sett er heller ueinig med Frp, så meinar eg fortsatt ikkje at ideologien deiras er tyranni. Eg tykkjer også at det er artig at “Oslo FpU” står som ein heil organisasjon med tilknyting til nazisme.

Venstre derimot, ser han ut til å ha eit godt auge til, det er det einaste partiet han reellt sett ikkje skriv noko gale om (For så vidt den einaste artikkelen eg hittil har funne utan skrivefeil). Dei er faktisk sosialliberalistar midt inni Stortinget, “Norge sitt ett-parti-system sitt ansikt utad, for å gi en illusjon av frihet”.

Sjølv om eg ofte er tilbøyeleg til å ikkje alltid tru det folk skriv, viser og fortel me har skjedd, så er eg langt frå like skeptisk som dette. Her er det snakk om at gull er alt som er dekt med gyllent satanstøv altså.

På den andre sida.. eg er jo medlem i NU, så det kan jo vere at eg berre prøvar å dekkje over terroraksjonane våre.. Eg meinar.. Illuminati = opplyse.. Heile sida mi er i lampeskin.. Egads! Ein samaheng! På den andre sida trur eg me kan avkrefte det. Eg meinar.. Eg har jo firkanta listepunkt!

Eg anbefalar deg å lese fleire av artiklane hans, det er mykje god underhaldning der.






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Wednesday 12. March 2008 klokka 4:10 pm og er arkivert under Internett. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

2 kommentarar på “And now for something completely different: Natur og Ungdom er illuminatiterroristar”

  1. GravatarBlingvild skriv:


    Hahaha….

    Der e faen ikkje 4 ninja på det bilde.

  2. Gravatartanketom skriv:


    Nei, du har rett. Eg trur det er 5…

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Siste Linkdump

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon