“Alle monner gjer ein stor å,” seier dei.

Eller noko i den duren. Eg har aldri vore så flink med slike ordtak.
Det er 2008. U-hjelpa har i stor grad vist seg å ikkje gjere det me håpar den skal gjere, og i mange fattige land blir gapet mellom dei rike makthavarane og det fattige folket større og større, ofte hjulpe av eit korrupt system. Ein U blir ikkje til ein I ved å kaste store mengdar pengar på den.
Mikrolån
Ein måte som har vist seg å gjere nytte ved å starte i det små, er dei såkalla mikrolåna. Dette er ikkje ein ny idé, allereie på 1800-talet såg ein nytta av mikrolån for å hjelpe fattige ut av hand-til-munn-økonomien, og inn i ein meir produktiv sirkel.
Mikrolåna kjem inn til dømes der bankar ikkje kan eller vil gi kreditt, eller der eit utlånstilbod har ei kraftig rente, og er eit tilbod til folk med ein idé eller ei vilje til å kome seg ut av den verste fattigdommen.
Låna treng heller ikkje vere direkte til einskildpersonar, men til bedrifter som kan sørge for å halde arbeidsplassar og slik gjere til at lokalsamfunn kan halde seg i live.
I Noreg er det kanskje Mohammad Yunus og Grameen Bank som er dei mest kjende ansikta utad for mikrofinansbransjen. Både på grunn av at dei vant Nobels Fredspris i 2006 (ein pris med varierande ære), og på grunn av Telenor/Grameenphone-krangelen.
Det er viktig å få fram at mikrolåna på ingen måte er bistand, eller ein magisk formel for å kome ut av fattigdom. Det er eit lån, og som alt anna i økonomi, så inneber det ein risiko for at noko kan gå gale. På mange måtar vil eg seie at det har blitt overseld i media som metode for å fjerne fattigdom. Mikrolåna er heller ikkje ei endeleg løysing, men ein alternativ innfallsport. Mikrolåna er ein kickstart som kan hjelpe folk ut å leve frå hand-til-munn og ekstrem fattigdom, ikkje ein get-rich-quick-plan.
Bangladesh og Bolivia, to av landa der mikrolån har størst utbreiing, er framleis av verdas mest fattige land. Men å hjelpe vanlege innbyggjarar til å jobbe opp ein liten kapital, kan hjelpe fleire born inn i utdanningssystema og slik vere til nytte i det lange løp.
Spesielt frå venstresida (som eg ofte på ein eller anna måte identifiserar meg med) har det kome mykje kritikk mot desse finansplattformane. Og det er sant, det er i opprinninga ein idé frå det sosio-økonomiske høgre. På den andre sida, det var også Wikipedia. Det er sant at ein del av desse mikrolånsbedriftene har urettvist høge rentesatser og tidvis sterke innkrevjingsmetodar, men som med alt anna bør ein investere der ein sjølv meiner det er rett. I dette tilfellet, reknar eg meg som pragmatikar.
MYC4
Ein av mogelegheitene ein personleg har for å investere i mikrofinansbransjen er det danskbaserte selskapet MYC4, som også andre norske bloggarar har vore innom, deriblant Siri og Christian hjå vindstille.net, og Heidrun og Jan Sverre hjå skyfritt.com. MYC4, som er driven av konsul Mads Kjær, er ein organisasjon der ein sjølv veljer kva bedrifter ein vil støtte med eit lån (frå ca. 100kr og oppover), og kva lånerenta skal vere. Nettsidene til MYC4 oppgir at 91,4% av låna blir betalt tilbake.
For meir informasjon om organisasjonen MYC4, mikrofinans, risiko, konsekvensane for dei som ikkje betalar tilbake, og meir statistikk, sjå nettsidene deiras.
“Don’t cross the road if you can’t get out of the kitchen,” seier dei. Og eit mikrolån kan vere akkurat det som hjelper enkelte ut av sitt eiget kjøken. Kor mykje er 100 kroner for deg?
Meir om Mikrofinans i objektivistparadiset Wikipedia, meir om Blog Action Day på deiras eigne sider, og meir om meg her på sida.
Blog Action Day 2008 Poverty from Blog Action Day on Vimeo.
Denne posten er skriven i samanheng med Blog Action Day, eit samarbeidsprosjekt med nær 10000 bloggar som skriv om det same emnet, ein dag, kvart år. I år er det fattigdom.
Liknande artiklar
- Blog Action Day 2008 - Politikk
- Blog Action Day - InternettPolitikk
- Nytt design: Tankeprosess og skisser - GuidarRessursar
- IOGraph - muserørsletracking - StatistikkTeknologi
- Til alle Googlarar der ute - Nyheiter
Wednesday 15. October 2008 klokka 18:17
[...] i Norge - fremdeles tabu Laila: Fattigdom i Norge Jan Ivar Vik: Life is no game Tanketom: Alle monner gjer ein stor å Revolusjonært roteloft: Blog Action Day! La oss snakke om fattigdom Tor Amundsen: Finanskrisedikt [...]
Saturday 18. October 2008 klokka 11:43
“Mange bekker små gjer ei stor å” (å=elv)
“Alle monner drar”
Måtte bare..
Saturday 18. October 2008 klokka 12:49
@Tiqui: Hehe, fullt klar over det ^^