ABC Nyheter

Forrige torsdag landa ABC Nyheter inn blant nettaviser i Noreg. ABC Nyheter tek over etter Nesteklikk.no, som er eigd av Startsiden.
Det spesielle med ABC Nyheter er at innhaldet først og fremst skal bli levert av brukarane. Dette kjem blant anna av Time Magazine sin kåring av “You” (deg) som vinnar av Årets Person på grunn av den brukarstyrte bølgja som kom med YouTube, Flickr og Myspace i løpet av fjoråret.
Imaget til ABC Nyheter er at det skal vere ei avis av borgarjournalistar og som ei puppe- og kjendis-fri sone, og eg må sei at eg likar idéen. Det einaste eg stussar litt på er at dei har ei stor Se og Hør-reklame midt på sida si.. Vel, litt for alle reknar eg med.
Dei satsar på å vere Daviden i norsk journalistikk, og eg kjem til å følje med på korleis det går. Om du har eit interessefelt du er interessert i å skrive om, så kan du registrere deg via ein link frå denne sida.
Relevante artiklar:
Liknande artiklar
- And now for something completely different: Natur og Ungdom er illuminatiterroristar - Internett
- Blog Action Day: Design Can Change - Politikk
- VVV: coke.no - Internett
- Syyk, syyk mann - Nyheiter
- Surfefunn - Nyheiter