Aasen-tunet med nye t-skjorter!
I 2008 er det 100 år sidan folkemusikaren Geirr Tveit og Olav H. Hauge vart fødd, båe frå Hardanger. I den samanheng har Probat på oppdrag frå HT08 utforma nokre fantastiske t-skjorter.
Storskrytar…
Geirr Tveit sin folketone, Storskrytarviseslåtten (via knuterikjensen.com)
Her er også eit midtpunkt.
Det er den svarte prikken
midt i skiva du skal treffa,
nett den, der
skal pili stå og dirra!
Men net der treffer du ikkje.
Du er nær, nærare,
nei, ikkje nær nok.
So lyt du gå og plukka opp pilene,
gå tilbake, prøva på nytt.
Den svarte prikken tergar deg.
Til du forstår pili
som stend der og dirra:
Her er og eit midpunkt.
Olav H. Hauge
Halvferdige snømenn…
Siste linje i diktet “Skuleplassen” av Olav H. Hauge
Noko te øl
Folketonen av Geirr Tveit.
Snakk litt med katten
Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.
Olav H. Hauge
Alle fem er gode hyllestar til to kunstnarar som har gjort mykje godt, båe for nynorsken og for nyskaping på sine felt.
Sistnemde t-skjorte vart skaffa som bursdagsgåve i helga, og minst ei av dei fem skal skaffast til meg sjølv i løpet av ei veke. Alle kan skaffast frå Aasentunet sin nettbutikk (men då stort sett i små størrelsar).
Liknande artiklar
- Til alle Googlarar der ute - Nyheiter
- Blog Action Day - InternettPolitikk
- Vi roter i våre arkiver: Ein hardtslåande tittel - Tekstar
- Rådlaus i det trådlause? - InternettMedia
- Naken i morgon? - Internett
Wednesday 30. July 2008 klokka 12:25
[...] Aasen-tunet med nye t-skjorter! [...]