Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

2481 kilometer.. on a shoestring..

Dersom du har fulgt med på programmet Norsk Attraksjon med sjølvaste Linda Eide, har du kanskje fått med deg plastnissen Gollis. Men det du ikkje har fått med deg, er kultstatusen den har fått blant enkelte mennesker i Bergen…

Plastnissen Gollis, som Dagbladet allereie spådde skulle bli fjerna i 1997, er nemleg ikkje likt av alle. “Merkeleg,” tenkjer kanskje du. “Kven vil vel ikkje ha ein ni meter høg plastnisse i nærområdet?” Vel, den har iallfall fått nok av merksemd, kanskje spesielt det siste året gjennom Norsk Attraksjon si eksponering.

Så spolar me til tidleg haust 2008. Fire personar får ein genial idé ein keisam kveld: “Kvifor ikkje besøke Gollis?”. Kvifor dei i tillegg valgte å ha som mål å late vere å bruke pengar, på den lange reisa frå Bergen til Lyngseidet, må fuglane vite.

Øyvind, Marie, Kristoffer og John-Aksel, alle frå Studentradioen i Bergen, er no omlag halvveges på veg til Gollis, og har foreløbig brukt minimalt med pengar. Dette ved hjelp av godhjerta bileigarar, snille bussjåførar, barmhjertige husvertar, og filantropiske matleverandørar. Resultatet av denne reisa skal bli ein julekalender som etter kvart kjem til å poppe opp på Studentradioen i adventstida.

Gollisgjengen er sjølvsagt på Facebook, og har ellers opptrådt i NRK Sveip, BA, BA, Vikebladet, Studvest og på deiras eigen blogg.






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Sunday 26. October 2008 , og er arkivert under Media. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

Vér så god, scena er di!

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon