Siste 15 artiklar

2011 — eit avleda filmår

eller, året er ferdig, så no kan eg seie stygge ting om det.

2011 var i stor grad eit år med filmar avleda frå tidlegare idéar. Ein kan sjølvsagt seie at alle tankar er basert på tidlegare arbeid, men då kjem ein plutseleg inn på Joseph Campbell og Star Wars og heile «imiterar livet kunsten eller kunsten livet?»-debatten, og det har eg ikkje plass til å redegjere for her. Det eg derimot har prøvd å gjere i år, er å leite etter dei gode filmane som ikkje er oppfølgjarar.

På årets topp 10-liste over mest populære kinofilmar er nemleg seks av dei ein direkte oppfølgjar, og fleirtalet av dei igjen er over nummer tre i rekka. Årets oppfølgjarar kjennest dog betre ut enn tidlegare, dei er der ikkje berre for å tene inn pengar lenger. Samtidig dukkar ei ny kjensle opp; dei er der kun for å blidgjere meg. Eg treng større utfordringar.

Filmen som best inkorporerar årets trend — utan å sjølv vere ein oppfølgjar — er Sucker Punch. For makan til oppgulp av tidsriktig kule ting: samuraier, kampsport, smekre damer, pen grafikk, og ei historie som plukker fritt og uhemma frå dataspel, sci-fien og det meste anna innan actionfylt underhaldning har eg ikkje sett sidan G.I. Joe… i 2009. Og den hadde i det minste ein franchise i ryggen.

Årets skuffelse

Eg veit ikkje heilt kva eg hadde venta, men Green Lantern gav meg i alle fall ikkje svara eg ville ha. I mi anmelding ymta eg frampå at mykje av filmens sjel kanskje låg att på klipperomsgolvet, like vel er eg skeptisk til å plukke opp den utvida versjonen på Blu-Ray.

Årets overrasking

Som ein reboot av ein allereie utstrekt filmfranchise hadde ikkje Rise of the Planet of the Apes gode mogelegheiter, historisk sett. Men med greit skodespel frå dei menneskelege figurane, og ei fantastisk oppvisning av Andy Serkis — mannen bak apa, vart det like vel absolutt ein sjåverdig film.

Det beste frå 2011

Der fjoråret hadde mange glimrande filmar som synte seg høgt på filmhimmelen, har årets filmjakt hittil vore som å leite etter dei tre kule bitane i ein stor boks med Lego. Og berre for å vise kor hyklersk eg kan vere som filmanmeldar, har mine tre favorittar dette året mange likskapar med tidlegare klassikarar.

Drive er ein valdeleg japansk hevnfilm i arthouse-stil og Rango er Chinatown satt til eit slags eksistensialistisk westernlandskap. Submarine er kanskje den mest originale filmen, sjølv om debutregissør Richard Ayoade nok kan takke amerikanske Wes Anderson for mange av filmgrepa sine. Eg gledar meg stort til å sjå kva Ayoade gjer neste gong!

Altså, topp 3

Drive: Heis-scenen er kanskje det mest kontrastfylte, «ømme, men jævlige», velregisserte point-of-no-return-punktet på årevis. Gosling skin i rolla si, sjølv om han stort sett held kjeft og stirrar ut i lufta.

Rango: Eit vakkert, morosamt og spinnvilt eventyr i den nye Ville Vesten, der Depps figur spelar på lag med heile verda. Om dette er eit teikn på framtida, kan det vere Pixar får kamp om animasjonstrona.

  • Mi anmelding hjå Kinosyndromet
  • Submarine
    Eit vakkert ungdomsportrett der helten ikkje er fantastisk vakker, og objektet for heltens kjærleik ikkje er objektivt fantastisk. Og midt oppi dette er det så søt-britisk som det er mogeleg å få det.

    Dette innlegget var på trykk i papirutgåva av Bergens Tidende i romjula. Gjengitt her med tillating.

    Liknande artiklar

    Dette innlegget blei publisert mandag 2. januar 2012 , og er arkivert under Film. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

    • http://ioch.org/story.php?title=search-engine-optimization-suggestions suchmaschinenoptimierung test

      seo bewertung…

      Web sites appealing you will find there’s hyperlink to…

    • http://www.facebook.com/profile.php?id=100001502378517 Kristine Lu00f8we

      nnHei! Kristinenfra VG her. Nu00e5 har jeg lagt innlegget ditt som dagens anbefaling pu00e5 LesernesnVG, kanskje poster jeg det pu00e5 Facebook http://www.facebook.com/lesernesvg ogntwitter http://twitter.com/lesernesvg ogsu00e5 :-) nnn

    • Anonym

      Hei, Kristine. Og takk for sist! nnDu00e5 fu00e5r eg hu00e5pe at BT ikkje har noko mot at eit bidrag til dei kjem pu00e5 framsida av VG ;) Kjekt u00e5 dukke opp pu00e5 uvanlege stader.

    • http://www.facebook.com/people/Tiger-Blam/764435156 Tiger Blam

      Dette var en merkverdig spinkel oppsumering. Det er ikke su00e5 rart du synes det var et skuffende u00e5r, hvis du bare su00e5 en hu00e5ndfull filmer. Jeg finner det lite seriu00f8st u00e5 snakke om filmu00e5ret 2011 som helhet, uten u00e5 nevne:nTree of LifenThe Mill and the CrossnA Serbian FilmnMelancholianBlue ValentinenShamenMartha Marcy May MarlenenParadise Lost 3nRed StateAnother EarthnnI tillegg var det flere fantastiske filmer som som hadde forsinket premiere i norge, som:nReindeerspottingnI Saw the DevilnAgnosianSummerlandnTucker and Dale vs. EvilnnFor ikke u00e5 snakke om filmer som er u00e5 finne pu00e5 samtlige internasjonale “best of 2011″-lister, som ikke har hatt premiere i Norge enda, som:nHugonThe ArtistnThe DescendantsnnDen eneste filmen jeg nevnt her som er “avleda fru00e5 tidlegare idu00e9ar” er Paradise Lost 3, men da det var den fantastiske slutten pu00e5 tidenes kraftigste dokumentartrilogi, kan man knapt klandre den for det.

    • Tanketom

      Den er hovudsakleg kort (spinkel) fordi den skulle passe inn i eit avisformat, lista hadde nok vore lenger om eg skulle ha skrive heilt fritt (noko eg ikkje har gjort u2014 enno). Den er u00f3g litt fattig utan dei to motstykka dei stod saman med, der eg meinte mine medskribentar kanskje var litt vel positive. Eg var rett og slett litt negativ med vilje for u00e5 skape litt balanse i reknskapet. nnNu00e5r det premisset er lagt, su00e5 er eg samd, det var absolutt gode filmar i u00e5r u00f3g, sju00f8lv om 2011 ikkje var like bra som 2010. Eg har ikkje rukke u00e5 sju00e5 alt (diverre), men eg har plukka ut filmar som passar meg veldig godt. Eg ville skrive om ei utvikling, og der fu00f8ler eg at eg har klart u00e5 gjere det eg ville.

    • http://www.facebook.com/people/Tiger-Blam/764435156 Tiger Blam

      Jeg vet godt hvor frustrerende det er u00e5 mu00e5tte kutte ned pu00e5 omfanget av en artikkel for u00e5 etterkomme stramme lengdekrav, men problemet med din tekst er ikke at den er kort, men heller at du bruker de ordene du har fu00e5tt til u00e5 sammenfatte en hel verden, og kun ramser opp en hu00e5ndfull filmer i samme sjanger fra samme gate. Samtlige av filmene du skriver om har engelsk tale, og nesten alle er kjempestore hollywoodproduksjoner. Dette i samme u00e5r som bragte episke mesterverk som Chico & Rita, 13 Assassins og Tropa de Elite 2.u00a0Du sier du har valgt ut filmer som passer deg(!?), som tydeligvis er store actionsmu00f8rjer, men velger likevell u00e5 overse de som faktisk har gjort noe interessant med sjangeren, som f.eks. Monsters, Attack the Block og Immortals.nnDenne pu00e5stu00e5tte “utviklinga” du ville skrive om, fremstu00e5r som du00e5rlig informert og utrolig misoppfattet, da faktum er det at vi er midt i en filmrenesanse, der smal, nyskapende orginalitet er i ferd med u00e5 overta mainstreamen, som et svar pu00e5 siste tiu00e5rs banaliteter.

      Nu00e5r eg skreiv u00abpasser megu00bb tenkte eg meir pu00e5 dei tre filmane som er utvalgt som dei beste, ikkje heile artikkelen. Og igjen, nu00e5r eg valgte u00e5 ta eit meir negativt blikk pu00e5 u00e5rets oppfu00f8lgjarstorm, su00e5 er det jo naudsynt akkurat dei store oppfu00f8lgjarane som vert utvalgt, eller? Saman med dei to andre liknande artiklane i avisa tykkjer eg det vart eit heilheitleg bilete som belyste ulike sider av filmverda. Britt Su00f8rensen tok td. for seg fleire av dei smalare filmane (td. u00abMelancholiau00bb, u00abNader og Siminu00bb, u00abTree of Lifeu00bb og su00e5 vidare, alle fantastiske filmar pu00e5 sin mu00e5te), difor fu00f8lte eg at det ikkje var naudsynt for oss u00e5 skrive den same artikkelen fleire gonger.nnu00abImmortalsu00bb var eg ikkje veldig begeistra for, u00abMonstersu00bb har eg enno ikkje fu00e5tt sett, og u00abAttack the Blocku00bb su00e5g eg ikkje fu00f8r fu00f8rre veke (altsu00e5 etter eg hadde skrive denne). Sistnevnte likte eg for u00f8vrig veldig godt, og den hadde kanskje slu00e5tt ut u00abSubmarineu00bb fru00e5 topplista mi.nnDen smale filmen fu00e5r stadig meir merksemd utanfor det smale filmmedia, det er absolutt riktig. Men om ein skal rekne mainstream som det som vert sett mest pu00e5 kino, og solgt mest til heimebruk, su00e5 er vel sju00f8lv ikkje u00abDriveu00bb pu00e5 topp 30 enno. Su00e5nn avslutningsvis er det vel difor kanskje hyklersk av meg u00e5 skrive hovudsakleg om den breie filmen (om enn kor negativ eg var), det tek eg sju00f8lvkritikk for, men samla tykkjer eg at u00e5rsoppsummeringa fungerte fint.

    • http://velmont.no/ Odin Hørthe Omdal

      Rango? Eg sat vel i 20 minutt før eg slo av den. Skikkeleg dårleg IMO.

      Andre har prata am Tree of Life, såg 40 minutt og slo av. Fæle greier. Er rart, eg plar aldri gå frå filmar, — sjølv om dei er dårlege, men har altso gjort det TO gongar i 2011. Det verste er at dei filmane driv og popper opp på lister over kva andre tykte var bra filmar i 2011.

      Eg såg Melancholia då, og kjende i byrja at eg var skeptisk til han. Men etter litt tid viste det seg å vera ein fantastisk herleg film som eg storkoste meg på.

      Eg må sjå Submarine då. :]

    • http://twitter.com/tanketom Andreas H. Opsvik

      Verkeleg? Kva var det du ikkje likte med «Rango»? Eg syntest den var estetisk herleg, med eit flott figurgalleri og generelt ei morosam forteljing (om enn lik på «Chinatown»). Eg vart berre meir glad i den ved andre gjennomsyn, kjempefilm! :)

    • http://www.fantoyota.pl/14667/Florystyka/serwis.html florystyka

      Great website…

      Here are some of the sites we recommend for our visitors…

    • http://anesthesiology-bestab-bromellite.com/ adamhood brawler brightish

      the sexy wispa dress, this gorgeous two…

      toned dress features an amazing repeated big cheque print in this season’s hottest royal blue. a dress that is rivalling the wispa dress this winter is the quirky nadine dress which tahita has just been seen wearing in her latest promotions…

    blog comments powered by Disqus

    Til toppen

    Andre sider

    Om tanketom

    Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

    Om tanketom

    Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

    Om tanketom.net

    Administrasjon