10 ting eg glér meg til, Wikipedia, og andre funderingar rundt mem

Jada, endå eit mem. Valkyriana har tagga meg til å skrive ned 10 ting eg glér meg til! I tillegg har eg leikt meg på Wikipedia på alvor for første gong.
Men først, litt teori. I samanheng med Virrvarr sin artikkel om det første norske internett-memet tenkte eg at eg kunne utdjupe begrepet utanfor internett-definisjonen.
Eit mem er eit utrykk innan sosiobiologien som skal beteikne ei bortlæring eller imitering av t.d. idéar, tankar, vanar og haldningar. Richard Dawkins, også kjend som mannen bak The God Delusion (ateistbibelen), fann opp begrepet i 1976, fordi han meinte evolusjonskonseptet kunne utvidast til den kulturelle spreiinga av idéar og tankar.
Eksempel på mem kan vere verdi-baserte (”Kyskleik er viktig“), preferanse-baserte (”Svinekjøt er avskyeleg“), eller basert på overtru (”Å knuse ein spegel gir 7 års ulukke“). Dei kan også basere seg på uttrykk frå folkemunne (”Ein fugl i handa er betre enn ti på taket“), segn (”Jostedalsrypa eller Pesta“), populærkultur (”Rifla påmmfri“), eller internett (”Er det for sent å stemme på radiohode?“). I tillegg kan for eksempel spreiing av moteplagg nemnast som eit mem; altså ei kulturell spreiing av ein bestemt eigenskap.
Dette har eg også for øvrig skrive min første Wikipedia-artikkel om. Det artige med eit fora der du aldri har ei deadline er at du kan gå tilbake og småforandre så ofte du kan. Eg blir aldri heilt fornøgd med artikkelen min..
Så til saka:
10 ting eg glér meg til
- Til eksamenstida er over
- Til ein eksepsjonelt lang juleferie
- Til eg får meg Leopard, så eg kan spele Spore
- Til Kreativia.no er oppe og løper
- Til dei neste episodane av Dexter
- Til den dagen eit døgn har 36 timar
- Til Noreg kjøper Island
- Til Stortingsvalet
- Til den dagen eg klarar å gjennomføre idéane mine
- Til første kommentar på denne artikkelen
Til å fortsetje denne sosiobiologiske evolusjonen, vel eg Børge, Merete, og inspirasjonen for posten min, Virrvarr.
Liknande artiklar
- Kva ****? Tanketom, det er noko gale med bloggen din! - Internett
- “Ferie” - Nyheiter
- IOGraph - muserørsletracking - StatistikkTeknologi
- Så mykje BIFF, så lite tid… - FilmInternett
- Surfefunn: links for 2008-11-09 - Surfefunn
Wednesday 29. October 2008 klokka 16:29
Så fint jeg fikk muligheten til å virkeliggjøre en av tingene du gledet deg til, da!
Forøvrig en riktig så fin Wiki-artikkel og brukerside.
Friday 31. October 2008 klokka 0:32
@Valkyriana: Takk! Og takk! Eg gjer mitt beste. No får me berre sjå om dei resterande går som planlagt
Sunday 16. November 2008 klokka 1:22
Fikk du ikke vondt inni deg når du som bokmålsbruker, tok i bruk nynorsk for å få anerkjennelse på nynorsk?
Forøvrig digg med litt mer aktivitet enn på kimmeham.net!
Sunday 16. November 2008 klokka 1:24
@min forrige kommentar
En liten leif der, mente selvfølgelig anerkjennelse på Internett.
Monday 17. November 2008 klokka 8:07
Bokmålsbrukar? Det har eg strengt talt ikkje vore på ca… 14 år. Lang fartstid i Sogn og Fjordane, skjønar du
Nynorsk er absolutt mitt foretrukne skriftspråk!
Sunday 30. November 2008 klokka 4:28
[...] 10 ting eg glér meg til, Wikipedia, og andre funderingar rundt mem [...]