Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

1. desember

juledesember

Og då var det i gang! Det er herved 1. desember, og etter lovnaden frå giossjulatilbake, som Mathias skreiv om ein gang før han gjorde om på heile sida si (tullingen), har eg ikkje drukke noko julebrus eller liknande før jul. Men no!

Idet eg kom heim med bussen, sprang eg til Kiwi, tok med meg to julebrus, betalte og sprang heim.

julebrus!Sjølvsagt kjøpte eg også Dagbladet.. Det er jo trass alt fredag (Helg lzzm)!

Den første julebrusen tok eg nær på styrten, idet eg kom inn døra. Den raude væska, som har fargen sin frå E163* btw, flaut ned halsen min og forfriska min lettare såre hals.

Eg kjente faktisk korleis jula flomma gjennom heile meg! “Det er no jula eigentleg startar!” tenkte eg, og lo godt og lenge over dei idiotane som drikk julebrus før 1. desember. Som for eksempel meg i fjor.. Jaja, ein blir aldri for gammal til å lære!

Den andre fekk stå litt i kjølskapet medan eg las Dagbladet. Men eg lovar deg: Den var ikkje akkurat verre, sjølv om eg naut den i eit lenger tidsperspektiv, ca. 15 sekund altså.. Måtte jo rekke å ta bilete også!

Så, til alle dykk som også venta, God 1. desember!

Til alle dykk andre: “Haha, jævla idiotar!”

nissepwnd

*Kjelde: breathing.com: E163 - Anthocyanins - Violet color matter of flowers and plants - seems safe





Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Thursday 25. January 2007 , og er arkivert under Blogg, Nyheiter. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

Ein kommentar på “1. desember”

  1. Gravatartanketom.net » Blog Archive » Snart jul skriv:


    [...] “Snø” i lufta, handball på tv, nissar på kjøpesentera, julemarsipan i kjeften og julebrus ned strupen. Ja, du gjetta riktig, det er snart jul. Her er marsipangrisen [...]

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon