1-2-3 og sånt – Fight Club

Variantar av denne memen har då rast rundt om i bloggverda, og ettersom Ingrid tagga meg, så får eg vel leike med.
Eg omset denne til norsk btw, kvifor late den vere på engelsk så lenge?
Plukk opp næraste bok.
Opne den på side 123.
Finn den 5. setninga.
Skriv dei tre følgjande setningane.
Tagg fem folk du oppfordrar til å gjere det same.
Oki, I’ll have a go then! Rommet mitt er ganske ryddig for bøker, så det blir ei av dei tre bøkene som står i sengeenden av bokhylla.
Tyler told me later that he’d never seen me destroy something so completely. That night, Tyler knew he had to take fight club up a notch or shut it down. Tyler said, sitting at breakfast the next morning, “You looked like a maniac, Psycho-boy. Where did you go?”.
Chuck Palahniuk – Fight Club
Dersom du vil vite kvar “me” gjekk, så må du plukke opp boka Fight Club, som den herleg skitne filmen med same namn er basert på. Boka er endå meir skiten og jævlig, og eg anbefaler den sterkt. Tyler Durden er mykje meir bombastisk i det skrivne ord, kanskje fordi han ikkje ser ut som Brad Pitt?
Det einaste som er mykje betre i filmen, er IKEA-scena. Den tjener så mykje på det visuelle som filmen kan vise at den blir heilt fantastisk i filmversjon:
IKEA-scena frå Fight Club
Vanskeleg å finne folk som ikkje er tagga, men eg gjer eit forsøk. Mine fem er Merete (det er på tide du bloggar igjen), Mie (det er verkeleg på tide du bloggar igjen), Jostein (du må ha litt eratur i bloggen også, ikkje berre musikk), Ronny-André (mwaha, meme-attack) og Ingvild (Kva har duuuu på nattbordet, tru?).
Eg tykkjer forresten eg skal ha skryt for å skrive ei sak om Fight Club utan å ta med eit einaste bilete av Brad Pitt i naken overkropp!
Liknande artiklar
- Sideblikk: 1999 - Nyheiter
- Kreativblogger – egad, a meme - Nyheiter
- 5 ting du kansje ikkje visste om meg - Nyheiter
- Nei og nei og nei - FilmMedia
- Endeleg IE6! Og eit forseinka påskeegg - Sidenyheiter