Siste 15 artiklar

Ressursar

Oppskrift, chunky kyllingsuppe

fredag 7. januar 2011

På oppfordring frå @foolen.

Middag til 2-3 personar. Oppskrifta bér preg av å vere laga av det eg hadde i kjøleskapet på det tidspunktet, legg gjerne til dine eigne favorittgrønsaker og -krydder.

Ingrediensar

  • 3 kyllingfiletar
  • 1/2 raudlauk
  • 1/3 paprika
  • 2 vårløk
  • 1/4 brokkoli
  • Karri, basilikum, spisskummin, salt og pepar etter smak
  • Litt mjøl
  • 7 dl vatn
  • 2 dl matfløyte
  • 1 dl cider/Mozell/Lysekloster
  • 1 grønsaksbuljongterning
  • Framgangsmåte

    • Kutt kyllingfiletane i etbare bitar
    • Ha 7 dl vatn, 2 dl fløyte, buljongterning og 1 dl cider (eg brukte ein godt syrleg cider) i ei kasserolle, sett til koking i 7-8 minutt
    • Steik kyllingen i smør — saman med kvitlauk, litt karri, salt, pepar, og spisskummin — til den har ei fin steikeskorpe utanpå
    • Legg kyllingen på ein tallerken, strø litt mjøl over, vend kyllingen i mjølet
    • Hakk grønsakene i bitar
    • Surr raudlauk, kvitlauk, vårlauk og paprika i panna. Etter ca. tre minutt, ha brokkoli i panna
    • Ca. halvveges i koketida, ha grønsakene i kasserolla.
    • Mot slutten av koketida, ha kyllingen i kasserolla
    • Smak til med ev. meir krydder, om du ynskjer

    Servér med td. rundstykker, brød eller anna fersk, usøta bakekunst og smør.

    Enjoy!

    Fleire profilar på ei gmail-adresse

    søndag 27. april 2008

    tanketomtanketomtanketomtanketom... narcissist, much?

    Opplevd å ikkje kunne lage ein ny profil på t.d. Twitter fordi du ikkje har, eller gidd å lage, ei ny mailadresse? Vel, dette er lett å kome unna, iallfall om du har ei gmail-adresse.

    (mer…)

    Opera 2: Tilpasningsdyktig

    lørdag 26. april 2008

    Opera-logo

    Andre artikkel i serien om nettlesaren Opera. Første artikkel kan lesast her.

    Ja, eg veit eg skulle skrive om plugins denne gongen, men eg brukar rett og slett ikkje nok av dei til å fylle ut ein heil artikkel. Eg har derimot fleire enn nok av ting som eg kan skrive om som alt er der. Du vil garantert lære ein ting eller to av denne også!

    (mer…)

    Tanketomme vevlovar: Dei 5 irritasjonsbud

    torsdag 25. januar 2007

    Det fins gode vevsidereglar, og det fins dårlege vevsidereglar. Her er dei 5 beste dårlege vevsidereglane.

    (mer…)

    id vs. class

    torsdag 25. januar 2007
    id vs. class

    Om du har laga html/css-design har du sikkert vore borti <div>-tagen. Den enklaste måten å skilje <div>-tagar frå kvarandre på, er å bruke id eller class. Men når skal du bruke hvilken? Og kvifor?
    (mer…)

    Nytt design: Tankeprosess og skisser

    torsdag 25. januar 2007
    skydesign

    Har laga nytt design til sida mi (som dykk sikkert ser), og har dermed vore gjennom ein liten tanke og ide-prosess. Denne har eg prøvd å dokumentere slik at folk som lurar på korleis dei skal byrje med nettsider, skal kome i gang. Dette er den første i ein serie av artiklar.
    (mer…)

    Andre sider

    Om tanketom

    Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

    Om tanketom

    Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

    Om tanketom.net


    Administrasjon