Breaking News: tanketom.net var i vår eksklusivt ute med bileter då statsminister Stoltenberg stod fram som gamer. No kan det sjå ut som om han skyt frå hofta også i det verkelege liv. tanketom.net gir deg den spanande historia.

Må berre legge inn ei lita hylling til Jostein, månedens po(t)et i Skolekammeret. Med unntak av å skrive eit fantastisk godt dikt, har han óg fucka med “målparagrafen” i Dagbladet.

Som ivrig lesar av aviser på nett, snublar eg ofte over kommentarane som ligg under “utvalgte” nyheiter i til dømes Dagbladet og VG. Det eg ofte legg merke til er at desse kommentarane er minst like underhaldande som sjølve saka, på ein dårleg måte.

Blant alle mine nerdeinteresser, som er det som hovudsakleg kjem til syne på denne sida, har eg også eit sterkt politisk hjarte. Dette hjartet bankar for mange saker, deriblant fridom og rettferd, men eg har også minst eit bein godt planta på den grøne jorda. Miljøet og klimapolitikk er noko eg er aktivt interessert i (men som eg kanskej kunne ha delteke meir i like vel) gjennom organisasjonar som Natur og Ungdom. Det er via denne organisasjonen eg har høyrt om Blog Action Day.
Har du ein liten diktator i magen? Eventuelt ein from og sterk leiar? Eller er du kanskje berre over gjennomsnittet interessert i å skape ditt eiget land? Vel, no har du ein sjanse.. Til å øve deg i alle fall.