Etter å ha kryssa Karlsbrua (Charles Bridge) på dag 1 i bohemens hovudstad, fann me ut at me óg måtte innom det gamle slottet, for å fullføre dei to viktigaste delane av Det Obligatoriske Turistopplegget i Praha.
Slottet er i den retninga!
På innsida, som med sine 70000m2 faktisk er verdas største slott-kompleks, var blant anna St. Vitus-katedralen! Ei kjempekyrkje, som me gjekk litt raskt forbi, sidan me trass alt har sett andre gotiske katedralar andre stader i Europa. Fin var den dog, like vel.
Når eg tenkjer meg om, så burde me nok ha prøvd å få med oss glassmaleriet av Art Nouveau-grunnleggjaren Alphons Mucha, men det gjorde me då ikkje. Men, det såg iallfall kult ut på bileta (då me gjekk på Mucha-muséet dagen etter).
Legg óg merke til den oransje bilen, kollegaer av Trønderinna frå hennar dagar i den bergenske bygartnerbransjen!
Då me etter kvart bevegde oss ut av slottet, ut av hagen, og ut av det aller mest heilage av Turistopplegget, gjekk me inn på ein kafé i byrjinga av Gullgata. Det var der Trønderinna såg Skiltet:

Ei utstilling tileigna Barbie sitt 50-årsjubileum! Var dette for godt til å vere sant? Personleg er eg ikkje kjempebegeistra for Barbie (O RLY?), så eg må innrømme at eg var litt skeptisk. Fordommane mine vart dog kraftig nedkjempa då eg såg ein modell av onkel Darth som vokta over nokre undersåttar.
— I find your lack of lego disturbing!
Det var dog ikkje dette me var her for (eller?). Då me var ferdig med det lettare latterlege antalet trapper opp til muséet møtte den første Barbien oss — den frå 1959, om du lurte.
Barbie er frontfiguren til heile Mattel-dukke-imperiet (for så vidt ikkje så ulikt onkel Darth og hans imperium), og har ein heil skare av familie, vener, kjæledyr, hus og køyretøy ho kan boltre seg med, rundt og i.
Som alle gode idéar er ho inspirert av ein tyskar — Lilli. Lilli er ein slags 50-talets Carrie Bradshaw, og er ei historie for seg sjølv, ei historie som ein heilt anna blogg enn min kan få lov til å ta for seg.
Barbie anno 1959 var ikkje blond, men det stoppa ho like vel ikkje frå å bli ein suksess frå tidleg av. Seinare har ho spreidd seg til alle verdas hjørner, i alle verdas former.
Litt skummelt er det jo, at ho er penare no enn ho var for 50 år sidan (sjølv om ho tydeleg var litt meir sassy på 50-talet). Det er garantert ein eller anna form for ofring av sjeler til skumle gudar med i biletet.
Blant anna har ho innteke skikkelsar som Lady Di, Marilyn Monroe, Spice Girls, Jackie O, alskens Disney-prinsesser og alt anna du kan kome på.
Av andre Mattel/Barbie-variantar eg beit meg merke i var Albert Einstein, som såg ut til å vere heller feilplassert i ei stor gruppe med brude-Barbiar. Den som kan kome på ein god årsak til plasseringa, ver vennleg å melde deg i kommentarfeltet.

Ellers — berre for å trekkje inn endå ein Star Wars-referanse — eksisterar det tydelegvis i verd av Star Wars-Barbiar som eg var heller lite informert om. Kanskje ikkje så rart når eg tenkjer meg om.

Marilyn Monroe var óg meir enn villig til å vise meg underskjørtet sitt der ho dansa side om side med Michael Jackson og Elvis Presley [sic], faktisk til dei grader at eg ein liten augneblink ikkje heilt fatta kvifor eg ikkje leikte med dukker sjølv.
— Happy Birthday, Mr. Tanketom
Det var då eg merka eit stikkande blikk i nakken. Eg snudde meg og stirra inn i ondskapens blå auger — Ken.
— I ate his liver with some fava beans and a nice Chianti…
*grøss*
Og alle var enig om at det var ein fin tur!