Siste 15 artiklar

Blogg

No story lives, unless someone wants to listen

lørdag 9. juli 2011

Voldemort - Harry Potter and the Deathly Hallows

Inspirert av Elisabeth sitt innlegg om Harry Potter tenkte eg at eg skulle skrive litt om min oppvekst med Harry Potter.

Det heile starta i 2000. Eg hadde nett hatt min 12-årsbursdag, og min onkel — som stort sett har haldt til i Danmark dei siste tiåra — sendte meg ei bok og eit kort. På kortet stod det: “Damen i bokhandelen anbefalede denne. Jeg regner med du kan tåle at den er på dansk”. Men boka var ikkje dansk. Den var engelsk. Eg hadde nett fått tilsendt Harry Potter and the Goblet of Fire.

Sjølv om eg hadde lest frå tre-fireårsalderen, var ikkje engelsken min heilt fantastisk. Og i etterkant var det kanskje vel ambisiøst å ta fatt på ei bok som var like tjukk som engelsk-norsk-ordboka eg pleidde å lese Harry Potter ved sidan av. Like vel, heilt frå opningsscena var eg fanga. Sjølv om verda var fylt av ting eg ikkje hadde fått med meg — sidan eg naturleg nok ikkje hadde lest dei førre bøkene — var det ei verd eg kunne dykke inn i, der omtrent alt eg kunne tenkje meg av overnaturlege vesen og fakter var ekte. Ekte.

I likskap med Elisabeth har eg ikkje sett filmane så mange gongar, litt for å kunne ha min eigen versjon av figurane i hjernebarken. I mitt hovud såg Hermione litt meir ut som Margaret frå Dennis, og Snape var endå meir Peter O Steelsk i utsjånad enn det Alan Rickman er. Og sjølv om eg aldri har vore frykteleg begeistra for Dan Radcliffe, er dei to tidlegare nevnte ypperlege i sine roller, især Emma Watsmmmmmmmm

…hm, kva var det eg snakka om?

Deretter fulgte ein periode på tre år før femte bok kom ut. Interessant nok las eg då altså fjerde bok først, så tredje. Til slutt kjøpte eg andre og første samtidig, og bestemte meg for å lese dei i feil rekkefølgje — just for the hell of it. Så las eg dei fire bøkene om og om igjen, til eg fekk den femte boka tilsendt frå haugenbok dagen etter bursdagen min i 2003. Det komande døgeret hadde eg omtrent like mange minutter menneskeleg kontakt som eg hadde minutter med søvn (Red.anm.: altså veldig lite).

I denne perioden les eg så mykje bøker — engelske — at eg blir tullete god i språket. Og det er éin av tinga eg især vil takke J.K. Rowling for. Takk, Joanne! Takk! Lærarane mine vurderar å gi meg meir vanskeleg engelskpensum, men sidan det norske utdanningssystemet trass alt er slik det er, så vert det ikkje noko av det (og det var ikkje fordi kommuna mi ikkje hadde nok pengar, altså).

I takt med at eg vert eldre, vert óg Harry og gjengen eldre. Men min vidaregåande skule og mine lokale problem vart ingenting samanlikna med dei mørkare vendingane i bøkene. Der Star Wars har teke ei vending mot å vere meir barnevennleg, har Harry Potter vokst — både som bokserie og som figur. Eg stod ikkje — og har heller aldri stått — i kø for nokre av bøkene. Eg er trass alt eit internettmenneske, og har fått dei tilsendt frå internettet sidan den femte boka.

I 2007, då den siste boka kom, var eg ny student i Bergen. Den siste har eg diverre berre lest éin gong, mykje fordi eg sjeldan les bøker på same måte som før, og fordi studier, jobb (og lat meg vere ærleg, internett) tek mykje av tida mi.

Og til slutt, i 2011, sidan eg er så heldig å vere filmanmeldar for Kinosyndromet, skal eg sjå filmen tysdag morgon og anmelde den for dykk. Følg med på Studentradioen for mi omtale!

Dei siste 12 åra har Harry Potter vore ein del av kvardagen min. Saman med meg har denne verda vokse og gitt meg eigenskaper — om enn ikkje magiske — eg har hatt bruk for i kvardagen. Som at ein kan bruke ein stein frå magen til ei geit som motmiddel mot nesten ei kvar gift!

Her er ei fin avslutning for universet — både i bok- og filmform.

Det som gjenstår for Harry Potter-universet no er hovudsakleg bakom-materialet, noko som mest sannsynleg er ein stor del av det framleis ganske mystiske Pottermore. J.K. Rowling kjem ikkje til å skrive ei bok til, men kanskje det er like greit?

P.S.: Tryllestav heiter baguette magique på fransk, det er fantastisk morosamt. Magisk baguette. HAH!

P.S.S.: Kinosyndromet leitar etter folk frå hausten av, send inn ein søknad her om du er filminteressert og har formidlingsevna til å fortelje andre om filmgleda di!

Sideblikk: 1999

søndag 12. juni 2011

Sidan sumarens kinoprogram i stor grad er skuffande for meg, flytta eg her om dagen fokuset mitt frå bortekinoen til heimekinoen. På NRK surra ein film eg har sett alt for få gangar — American Beauty. Som sedvanleg googla eg filmen for å sjå om det var noko eg kunne lære om den. Av ein eller anna grunn var det årstalet som fanga meg, 1999. Etter litt googling, lesing og undersøkjing er det éin ting som slår meg: 1999 var då eit fantastisk filmår?

Om det er eit resultat av at verdas filmregissørar ville ha ut sine beste idéar før verda gjekk under i 2000, veit eg ikkje. Mest sannsynleg er det ei blanding av tilfeldigheiter og inspirasjon mot eit nytt årtusen. «Men mange år har gode filmar — til og med fleire filmar», tenkjer du kanskje. «Kva gjer 1999 så spesielt?»

Ein av mine absolutte favorittfilmar kom dette året. David Fincher tok ballegrep på den moderne mannen og IKEA-livet då han adapterte Chuck Pahlaniuk sin roman Fight Club til det store lerretet. Derfrå har det kanskje ikkje gått strakt oppover, men med fjorårets The Social Network viser han at han framleis har kontrollen over sitt domene.

Andre filmar som har satt djupe spor i sjela mi er filmen eg set på tredjeplass over dei beste romantiske komediane i verda: Notting Hill. Kva hadde vel den moderne filmdaten vore utan Hugh Grant som stotrar fram eit «Whoopsidaisies!» idet han og Julia Roberts prøver å forsere eit parkgjerde?

Eg skal ikkje lyge på meg å ha sett alle filmane året dei kom. Sanninga er at eg var 12 år, og at den lokale kinoen neppe hadde sluppe meg inn på fleire av desse. Ein film eg derimot fekk med meg var Brad Bird sin første animasjonsfilm, The Iron Giant. Bird satte unge heltar, robotar og kald krig saman til ei forteljing som framleis gir meg frysningar.

Noah Forrest seier i sin spalte i Movie City News (referert her) at det spesielle med 1999 var at sjølv filmane som ikkje nådde til toppen det året, var betre enn det meste anna som har kome ut av Hollywood. Eit utsagn eg kan seie meg heilt samd i. Google «1999 in movies», så skjønar du kva eg meiner.

1999 vart nemleg året som sette sitt spor på alle dei komande åra. Kjensla av 1999 heng framleis igjen i filmverda, som ein promp i ein full heis på ein varm junidag. Kanskje du denne veka skal late vere å sjå ei nyskaping av akkurat den same actionfilmen du har sett hundre gangar før? Sjå heller Fight Club, Notting Hill, eller The Iron Giant. Du har godt av det!

Dette sideblikket var på trykk i BT si papiravis fredag den 10. juni 2011. Gjengitt med tillatelse.

Fast and Furious Five

torsdag 5. mai 2011

I den femte installasjonen av «Fast & Furious»-franchisen er det asfalten i Rio de Janeiro som er hovudstad for handlinga.

Eks-politimann Brian O’Conner og kjærasten Mia har brote Dom Toretto ut frå amerikansk fengsel, og dei har saman søkt tilflukt i vakre Sør-Amerika. Men som hardt etterlyste kriminelle er dei leie av å flykte, og bestemmer seg for å gjere ein siste jobb for å kunne søke tilflukt i nær kva som helst land som ikkje har utleveringsavtale til USA.

Les resten av anmeldinga på BT.no

En mann som skriker

torsdag 5. mai 2011

Det er ikkje grenser for kva ein mann kan få seg til å gjere når hans nye arbeidsuniform er for liten

Les heile anmeldinga på BT.no

Sanctum

torsdag 5. mai 2011

Frank McGuire og hans lag med veletablerte holedykkarar, har planlagt å entre eit av verdas største holesystem – Esa’ala på Papua Ny-Guinea – som hittil er uoppdaga av menneske.

Les resten av anmeldinga på BT.no

Sucker Punch

torsdag 14. april 2011

Om målet med “Sucker Punch” var å skape ein kultkalkun, ein film som blir sitert av vennegjengar i sofaer verda over på grunn av kitchy dialog og sært uttrykk, så klarer den diverre ikkje dét ein gang!

Les resten av anmeldinga mi på BT.no

Happy Life Day, folkens!

fredag 24. desember 2010

Wikipedia om Star Wars Holiday Special — George Lucas si største skam.

Minecraft er halv pris fram til i morgon!

søndag 19. desember 2010

Solnedgang i Minecraft

Kva?

Minecraft, spelet der du gjer akkurat det det står på boksen — mining and crafting — er framleis i alfaversjon. Det vil seie at du kan få dette herlege, merkelege spelet til halv pris, fram til i morgon.

Den 20. desember går nemleg spelet inn i beta, og eg vil anbefale alle med ynskje om skaparkraft og ei litt annleis speloppleving å kjøpe seg spelet. Då kan du bygge holer i randomgenererte fjell, samle gull til å lage ein rekonstruksjon av Kheopspyramiden, lage underjordiske grisefarmar, berg- og dalbaner, og alt anna du kan kome på!

Kven?

Spelet er utvikla av svensken Markus Person — med internett-nicket Notch — og er nærast definisjonen på eit uavhengig spel, laga for det motsette av marknadskreftene. Vel er grafikken gamaldags, men det er det første spelet på lenge som har fått det til å grøsse nedover ryggen min, spesifikt då eg såg nedover ei mørk hole — fylt med mogelegheiter — og verdas skumlaste gys sneik seg ut av høgtalarane mine.

Minecraft er eit av spela der det verkeleg berre er fantasien som set grenser, og eg anbefalar det difor på det sterkaste!

Kvar?

Spelet kan kjøpast via PayPal — eg veit — på nettsida minecraft.net, der du og spelar spelet — enten via nettlesar, eller ved å laste ned spelets eigen påloggingsklient.

For ein liten smakebit på korleis din første dag i Minecraft gjerne kan vere, sjå videoen under:

#Starwarsjulepynt

torsdag 16. desember 2010

Ei lang natts ferd mot fan-galskap!

Prototyp

I fjor sat eg meg ned og innsåg at det var éin ting eg mangla: Julepynt med Star Wars-tema! Resultatet vart ein halv dags tulling, som førte til at eg sat att med ein litt shoddy R2-D2:

SHODDY!

Når ein og tek inn faktoren at det var vesle vesle julaftan, og at eg ikkje var ferdig med å handle inn julegåvene enno, så er det ikkje så rart at det stansa seg litt. Eg lova derimot meg sjølv at eg skulle ta opp att tråden neste jul, og lage nokre fine julekorger.

Eit par timars desemberarbeid seinare, står eg att med dette:
OMG

Men, du er her neppe for å bade i oppsynet av min fantastiske julepynt. Mest sannsynleg er du her for å lære korleis ein kan lage Star Wars-julekorger (eller heilt andre julekorger) sjølv.

RTFM

Eg vil i denne guiden ta utgangspunkt i at du allereie har ei viss forståing for korleis ein bretter ei heilt vanleg julekorg (om du ikkje veit det, her er New Mexico State University si oppskrift på julekorger).

Eg tek og utgangspunkt i at du har følgjande:

  • Ulike variantar av farga papir, helst i A4-format (og ikkje alt for stivt)
  • Ein printer som kan printe A4-ark
  • Ein hobbykniv (det går til nøden an med ein tapetkniv om du er varsam, eg vil ikkje anbefale å bruke saks)
    • Du får slike for litt over ein 50-lapp på næraste hobbybutikk!
  • Sansen for å lage heimelaga ting i papir
  • Tolmod og fandom

Utgangspunktet for ei kvar spesielt utforma julekorg er eit mønster som td. dette:

Eg har valgt ei tredeling, sidan det gir nok fridom til utvalg av mønster, samt at det ikkje er for kronglete å flette i etterkant. Figuren ein vil ha inn i mønsteret bør vere ca. kvadratisk, og i utgangspunktet symmetrisk (det går fint an å lage ikkje-symmetriske figurar også, men det krevjer meir arbeid, og eg gidd ikkje forklare det her).

Sidan den skal vere symmetrisk er det og ein fordel om den ikkje er veldig organisk, men dette er ikkje eit krav. Her passar jo Star Wars-figurar inn, sidan det gjerne er uniformshjelmar og robotar ein kjenner lett igjen derfrå. Dei tre eg har valgt å fokusere på her er Darth Vader, C-3PO og ein stormtrooper-hjelm, men du kan i prinsippet ta det meste, så lenge det passar inn i «formelen» (ja, til og med ikkje-Star Wars-motiv).


(Trykk for større versjon)

Å lage korgene

  1. 1. Print to versjonar på kvar sitt A4-ark (i kvar sin farge)
    • I fargevalget kan du gå for to metodar: Julefargar, eller “dei riktige fargane” (ifht. karakterane du lagar)
    • Åtvaring: det er nærast umogeleg å sjå strekar printa ut på svart ark! Darth Vader var eit helvete…
  2. 2. Brette langs den stipla linja, slik at mønsteret kjem på utsida av det bretta arket
    • For de som driv med origami: Eg veit eg har merkt den feil, dette er snakk om ein såkalla mountain fold
  3. 3. Kutte langs dei svarte stripene.
    • Darth Vader har ei stripe tvers gjennom andletet, denne skal du ikkje kutte i (det var ein feil frå mi side).
    • Ha tolmod, dette er kanskje den viktigaste delen av heile prosessen
  4. 4. Dei rosa felta skal kun skjerast ut frå den éine av dei to arka.
    • Dersom du klipper ut frå båe to, vil det sjå rart ut.
    • Ta ei vurdering på kva farge du vil skal skine gjennom den andre, og klipp ut frå det eine arket.
  5. 5. Flett dei to delene saman.
    • Lett å seie, vanskeleg å gjere. Ver varsam og prøv å ikkje rive i arket!
    • Tips: Bruk til dømes ein pinsett for å trekkje flettearmer gjennom vanskelege opningar.

Vil du lage ei korg?

Dersom du ynskjer å lage ei tilsvarande korg — Star Wars eller ei — kan du nytte denne malen:

(Trykk for større versjon)

  • Du treng eit tofarga, relativt enkelt symbol — sånn ca. kvadratisk — som er 6-7cm stort (til denne malen, du kan skalere opp og ned som du sjølv ynskjer)
  • For enkelheits skuld bør det vere symmetrisk, men med litt arbeid går det óg fint med usymmetriske motiv.
  • Symmetrilinja går langs den diagonale linja i dokumentet.

No er det din tur!

Lag dine julekorger, enten med Star Wars, eller andre mønster. Ping meg attende, eller legg link til dei i kommentarfeltet, eg vil gjerne sjå kva de får til!

Har du lest nokre av desse?

torsdag 9. desember 2010

Mem! Denne er intenst, kjapt og hyperlinkt stolen av Kenneth, som igjen stal den av Eirik.

Have you read more than 6 of these books? The BBC believes most people will have read only 6 of the 100 books listed here. Instructions: Copy this into your notes. Bold those books you’ve read in their entirety, italicise the ones you started but didn’t finish or read an excerpt. Tag other book nerds.

1 Pride and Prejudice – Jane Austen
(Nei, men eg har Pride, Prejudice and Zombies. Tel det? Neivelda…)

2 The Lord of the Rings – JRR Tolkien
(Las den over ei periode på to veker i 8. klasse. Mykje bra, men eg tykkjer den er for skildrande og detaljert til tider. Har sjølvsagt mykje med inspirasjonen til Tolkien å gjere, men dog.)

3 Jane Eyre – Charlotte Bronte

4 Harry Potter series – JK Rowling
(Har lest #1-4 sikkert 20 gongar kvar, #5 og #6 eit par gongar, og #7 kun éin gong. Sistnemnde skal lesast att før den siste filmen kjem ut.)

5 To Kill a Mockingbird – Harper Lee

6 The Bible
(Har lest såpass mykje av den at eg følar eg nesten kunne bolde den. Dog, reglar er reglar.)

7 Wuthering Heights – Emily Bronte

8 Nineteen Eighty Four – George Orwell
(2+2=4, innit? Mor mi si utgåve av denne har fulgt med i alle bokhyllene eg sjølv har eigd.)

9 His Dark Materials – Philip Pullman
(Lydbok tel, ikkje sant? Vart nysgjerrig då eg såg filmen, og fekk med meg resten på lydbok. Artig kontrast til C.S. Lewis-bøkene.)

10 Great Expectations – Charles Dickens
(Lest i ung alder, då eg mest sannsynleg ikkje skjønte alt.)

11 Little Women – Louisa M Alcott

12 Tess of the D’Urbervilles – Thomas Hardy

13 Catch 22 – Joseph Heller

14 Complete Works of Shakespeare
(Eg har lest noko, og sett eit par av skodespela på teaterscena, i det minste. Er trass alt der dei skal opplevast!)

15 Rebecca – Daphne Du Maurier

16 The Hobbit – JRR Tolkien
(Ei av mine absolutte favorittbøker!)

17 Birdsong – Sebastian Faulk

18 Catcher in the Rye – JD Salinger

19 The Time Traveller’s Wife – Audrey Niffenegger
(Har fått den anbefalt, har endå ikkje plukka den opp)

20 Middlemarch – George Eliot

21 Gone With The Wind – Margaret Mitchell
(Sett filmen.)

22 The Great Gatsby – F Scott Fitzgerald
(Sett filmen.)

23 Bleak House – Charles Dickens

24 War and Peace – Leo Tolstoy
(Vel, eg byrja på denne, men sååzzzzzzzzz…)

25 The Hitch Hiker’s Guide to the Galaxy – Douglas Adams
(Høyrt høyrespelet, sett serien, sett filmen, lest bøkene)

26 Brideshead Revisited – Evelyn Waugh

27 Crime and Punishment – Fyodor Dostoyevsky

28 Grapes of Wrath – John Steinbeck

29 Alice in Wonderland – Lewis Carroll
(Sett filmane.)

30 The Wind in the Willows – Kenneth Grahame
(Sett TV-serien)

31 Anna Karenina – Leo Tolstoy

32 David Copperfield – Charles Dickens
(Sett TV-serien)

33 Chronicles of Narnia – CS Lewis
(Har ikkje lest alle, men må vel ha sett alle i TV-format.)

34 Emma – Jane Austen

35 Persuasion – Jane Austen

36 The Lion, The Witch and The Wardrobe – CS Lewis
(5. klasse, lesehest-konkurranse på borneskulen)

37 The Kite Runner – Khaled Hosseini

38 Captain Corelli’s Mandolin – Louis De Bernieres

39 Memoirs of a Geisha – Arthur Golden

40 Winnie the Pooh – AA Milne

41 Animal Farm – George Orwell
(Ei av mine favorittbøker. Har óg sett animasjonsfilmen — visstnok den første britiske heilaftens animasjonsfilm!)

42 The Da Vinci Code – Dan Brown
(Lest boka, sett filmen, spelt spelet.)

43 One Hundred Years of Solitude – Gabriel Garcia Marquez

44 A Prayer for Owen Meany – John Irving

45 The Woman in White – Wilkie Collins

46 Anne of Green Gables – LM Montgomery

47 Far From The Madding Crowd – Thomas Hardy

48 The Handmaid’s Tale – Margaret Atwood

49 Lord of the Flies – William Golding
(Har minner om ein bokhandlar som vart særs oppspelt då eg som 15-åring sa at eg gjerne kunne kjøpe den på originalspråket, dersom han hadde den.)

50 Atonement – Ian McEwan

51 Life of Pi – Yann Martel

52 Dune – Frank Herbert

53 Cold Comfort Farm – Stella Gibbons

54 Sense and Sensibility – Jane Austen

55 A Suitable Boy – Vikram Seth

56 The Shadow of the Wind – Carlos Ruiz Zifon

57 A Tale Of Two Cities – Charles Dickens

58 Brave New World – Aldous Huxley
(Orwells antitese?)

59 The Curious Incident of the Dog in the Night-time – Mark Haddon

60 Love In The Time Of Cholera – Gabriel Garcia Marquez

61 Of Mice and Men – John Steinbeck
(Obligatorisk for tredjeåret på vidaregåande skule?)

62 Lolita – Vladimir Nabokov

63 The Secret History – Donna Tartt

64 The Lovely Bones – Alice Sebold

65 Count of Monte Cristo – Alexandre Dumas
(Sett filmen.)

66 On The Road – Jack Kerouac

67 Jude the Obscure – Thomas Hardy

68 Bridget Jones’s Diary – Helen Fielding
(Sett filmen.)

69 Midnight’s Children – Salman Rushdie

70 Moby Dick – Herman Melville

71 Oliver Twist – Charles Dickens

72 Dracula – Bram Stoker
(Har sett filmen, og byrja så smått på boka ein gong. Fullførte aldri.)

73 The Secret Garden – Frances Hodgson Burnett

74 Notes From A Small Island – Bill Bryson

75 Ulysses – James Joyce

76 The Inferno – Dante

77 Swallows and Amazons – Arthur Ransome

78 Germinal – Emile Zola

79 Vanity Fair – William Makepeace Thackeray

80 Possession – AS Byatt

81 A Christmas Carol – Charles Dickens
(Lest boka, og har sett utallege versjonar av den i filmatisk form.)

82 Cloud Atlas – David Mitchell

83 The Color Purple – Alice Walker
(Sett filmen.)

84 The Remains of the Day – Kazuo Ishiguro

85 Madame Bovary – Gustave Flaubert

86 A Fine Balance – Rohinton Mistry

87 Charlotte’s Web – EB White

88 The Five People You Meet In Heaven – Mitch Albom

89 Adventures of Sherlock Holmes – Sir Arthur Conan Doyle
(Har ikkje lest alle, men har lest nokre. For dei som kun har sett Disney-versjonen; ja, Sherlock Holmes brukar narkotika, er ein nevrotisk, detaljfiksert kar som har kampsporterfaring. Så den nylege filmversjonen er ikkje så merkeleg som du skal ha det til!)

90 The Faraway Tree Collection – Enid Blyton

91 Heart of Darkness – Joseph Conrad

92 The Little Prince – Antoine De Saint-Exupery
(Har lest den. Min lettare frankofile kjærast har til og med popupversjonen av boka!)

93 The Wasp Factory – Iain Banks

94 Watership Down – Richard Adams

95 A Confederacy of Dunces – John Kennedy Toole

96 A Town Like Alice – Nevil Shute

97 The Three Musketeers – Alexandre Dumas
(Har sett fleire versjonar av denne — i diverse filmatiske former)

98 Hamlet – William Shakespeare

99 Charlie and the Chocolate Factoy – Roald Dahl
(Fekk den opplest på borneskulen. Trur aldri eg har haldt kjeft så lenge — bortsett frå når same lærar las Heksene for oss)

100 Les Miserables – Victor Hugo

Lista kjennest veldig britisk, og eg trur nok ei tilsvarande liste frå td. NRK ville ha sett ganske annleis ut. Smått anglofil som eg er — så trur eg faktisk at eg vil ha lest meir av den engelske enn ei tilsvarande norsk.

Har altså lest — i sin heilheit — 19 av bøkene som BBC anbefaler deg å lese. Har med andre ord mykje igjen! Godt det er juleferie…

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon