Siste 15 artiklar

Nyheiter

Sideblikk: 1999

søndag 12. juni 2011

Sidan sumarens kinoprogram i stor grad er skuffande for meg, flytta eg her om dagen fokuset mitt frå bortekinoen til heimekinoen. På NRK surra ein film eg har sett alt for få gangar — American Beauty. Som sedvanleg googla eg filmen for å sjå om det var noko eg kunne lære om den. Av ein eller anna grunn var det årstalet som fanga meg, 1999. Etter litt googling, lesing og undersøkjing er det éin ting som slår meg: 1999 var då eit fantastisk filmår?

Om det er eit resultat av at verdas filmregissørar ville ha ut sine beste idéar før verda gjekk under i 2000, veit eg ikkje. Mest sannsynleg er det ei blanding av tilfeldigheiter og inspirasjon mot eit nytt årtusen. «Men mange år har gode filmar — til og med fleire filmar», tenkjer du kanskje. «Kva gjer 1999 så spesielt?»

Ein av mine absolutte favorittfilmar kom dette året. David Fincher tok ballegrep på den moderne mannen og IKEA-livet då han adapterte Chuck Pahlaniuk sin roman Fight Club til det store lerretet. Derfrå har det kanskje ikkje gått strakt oppover, men med fjorårets The Social Network viser han at han framleis har kontrollen over sitt domene.

Andre filmar som har satt djupe spor i sjela mi er filmen eg set på tredjeplass over dei beste romantiske komediane i verda: Notting Hill. Kva hadde vel den moderne filmdaten vore utan Hugh Grant som stotrar fram eit «Whoopsidaisies!» idet han og Julia Roberts prøver å forsere eit parkgjerde?

Eg skal ikkje lyge på meg å ha sett alle filmane året dei kom. Sanninga er at eg var 12 år, og at den lokale kinoen neppe hadde sluppe meg inn på fleire av desse. Ein film eg derimot fekk med meg var Brad Bird sin første animasjonsfilm, The Iron Giant. Bird satte unge heltar, robotar og kald krig saman til ei forteljing som framleis gir meg frysningar.

Noah Forrest seier i sin spalte i Movie City News (referert her) at det spesielle med 1999 var at sjølv filmane som ikkje nådde til toppen det året, var betre enn det meste anna som har kome ut av Hollywood. Eit utsagn eg kan seie meg heilt samd i. Google «1999 in movies», så skjønar du kva eg meiner.

1999 vart nemleg året som sette sitt spor på alle dei komande åra. Kjensla av 1999 heng framleis igjen i filmverda, som ein promp i ein full heis på ein varm junidag. Kanskje du denne veka skal late vere å sjå ei nyskaping av akkurat den same actionfilmen du har sett hundre gangar før? Sjå heller Fight Club, Notting Hill, eller The Iron Giant. Du har godt av det!

Dette sideblikket var på trykk i BT si papiravis fredag den 10. juni 2011. Gjengitt med tillatelse.

En mann som skriker

torsdag 5. mai 2011

Det er ikkje grenser for kva ein mann kan få seg til å gjere når hans nye arbeidsuniform er for liten

Les heile anmeldinga på BT.no

#Starwarsjulepynt

torsdag 16. desember 2010

Ei lang natts ferd mot fan-galskap!

Prototyp

I fjor sat eg meg ned og innsåg at det var éin ting eg mangla: Julepynt med Star Wars-tema! Resultatet vart ein halv dags tulling, som førte til at eg sat att med ein litt shoddy R2-D2:

SHODDY!

Når ein og tek inn faktoren at det var vesle vesle julaftan, og at eg ikkje var ferdig med å handle inn julegåvene enno, så er det ikkje så rart at det stansa seg litt. Eg lova derimot meg sjølv at eg skulle ta opp att tråden neste jul, og lage nokre fine julekorger.

Eit par timars desemberarbeid seinare, står eg att med dette:
OMG

Men, du er her neppe for å bade i oppsynet av min fantastiske julepynt. Mest sannsynleg er du her for å lære korleis ein kan lage Star Wars-julekorger (eller heilt andre julekorger) sjølv.

RTFM

Eg vil i denne guiden ta utgangspunkt i at du allereie har ei viss forståing for korleis ein bretter ei heilt vanleg julekorg (om du ikkje veit det, her er New Mexico State University si oppskrift på julekorger).

Eg tek og utgangspunkt i at du har følgjande:

  • Ulike variantar av farga papir, helst i A4-format (og ikkje alt for stivt)
  • Ein printer som kan printe A4-ark
  • Ein hobbykniv (det går til nøden an med ein tapetkniv om du er varsam, eg vil ikkje anbefale å bruke saks)
    • Du får slike for litt over ein 50-lapp på næraste hobbybutikk!
  • Sansen for å lage heimelaga ting i papir
  • Tolmod og fandom

Utgangspunktet for ei kvar spesielt utforma julekorg er eit mønster som td. dette:

Eg har valgt ei tredeling, sidan det gir nok fridom til utvalg av mønster, samt at det ikkje er for kronglete å flette i etterkant. Figuren ein vil ha inn i mønsteret bør vere ca. kvadratisk, og i utgangspunktet symmetrisk (det går fint an å lage ikkje-symmetriske figurar også, men det krevjer meir arbeid, og eg gidd ikkje forklare det her).

Sidan den skal vere symmetrisk er det og ein fordel om den ikkje er veldig organisk, men dette er ikkje eit krav. Her passar jo Star Wars-figurar inn, sidan det gjerne er uniformshjelmar og robotar ein kjenner lett igjen derfrå. Dei tre eg har valgt å fokusere på her er Darth Vader, C-3PO og ein stormtrooper-hjelm, men du kan i prinsippet ta det meste, så lenge det passar inn i «formelen» (ja, til og med ikkje-Star Wars-motiv).


(Trykk for større versjon)

Å lage korgene

  1. 1. Print to versjonar på kvar sitt A4-ark (i kvar sin farge)
    • I fargevalget kan du gå for to metodar: Julefargar, eller “dei riktige fargane” (ifht. karakterane du lagar)
    • Åtvaring: det er nærast umogeleg å sjå strekar printa ut på svart ark! Darth Vader var eit helvete…
  2. 2. Brette langs den stipla linja, slik at mønsteret kjem på utsida av det bretta arket
    • For de som driv med origami: Eg veit eg har merkt den feil, dette er snakk om ein såkalla mountain fold
  3. 3. Kutte langs dei svarte stripene.
    • Darth Vader har ei stripe tvers gjennom andletet, denne skal du ikkje kutte i (det var ein feil frå mi side).
    • Ha tolmod, dette er kanskje den viktigaste delen av heile prosessen
  4. 4. Dei rosa felta skal kun skjerast ut frå den éine av dei to arka.
    • Dersom du klipper ut frå båe to, vil det sjå rart ut.
    • Ta ei vurdering på kva farge du vil skal skine gjennom den andre, og klipp ut frå det eine arket.
  5. 5. Flett dei to delene saman.
    • Lett å seie, vanskeleg å gjere. Ver varsam og prøv å ikkje rive i arket!
    • Tips: Bruk til dømes ein pinsett for å trekkje flettearmer gjennom vanskelege opningar.

Vil du lage ei korg?

Dersom du ynskjer å lage ei tilsvarande korg — Star Wars eller ei — kan du nytte denne malen:

(Trykk for større versjon)

  • Du treng eit tofarga, relativt enkelt symbol — sånn ca. kvadratisk — som er 6-7cm stort (til denne malen, du kan skalere opp og ned som du sjølv ynskjer)
  • For enkelheits skuld bør det vere symmetrisk, men med litt arbeid går det óg fint med usymmetriske motiv.
  • Symmetrilinja går langs den diagonale linja i dokumentet.

No er det din tur!

Lag dine julekorger, enten med Star Wars, eller andre mønster. Ping meg attende, eller legg link til dei i kommentarfeltet, eg vil gjerne sjå kva de får til!

SPOILERS: Mi meining om slutten på «Inception»

søndag 25. juli 2010

Dersom du har sett Christopher Nolans «Inception», så har du sikkert ei meining om slutten på filmen.

I siste scene, når alt verkar å ha løyst seg, set Dom Cobb (Leonardo Dicaprio) i gang snurrebassen til Mal (Marion Cotillard). Som tidlegare forklart i filmen, dersom snurrebassen fortset å spinne, så er det heile ein del av ein draum. Før me finn ut om den fell eller ikkje, kuttast filmen til rulletekst.

Ut frå det eg har lest på the interwebz, så er det to hovudskular innanfor dei ulike meiningane om slutten.

#1: IT WAS ALL A DREAM

Heile filmen er ein del av underbevisstheita til Cobb, alle personar, hendingar og tankar foregår i limboet han og Mal var i tidlegare. Evt. det er også ein variant av diskusjonen der berre slutten på filmen er i limboet.

#2: Det er ekte

Cobb finn Saito (Ken Watanabe), kjem seg ut av limboet tidsnok, blir reinvaska, og kjem tilbake til ungane sine, og alt er peachy ending happiness.

Mi meining

Det er ekte (#2). Men først, litt om metadimensjonen i denne filmen: Filmen er ein hyllest til filmskaparane. Filmens elitelag av invadørar; arkitektar, forfalskarar, kjemikarar og sjefar er metaforar for produsentar/kulissemakarar, skodespelarar, teknikarar og regissørar. Dei skal byggje ei verd som er så truverdig og fengslande at ein vert oppslukt av den.

Dermed kan me fastslå at ja, Christopher Nolan er glad i metafilm.

Så til mitt hovudpoeng; i filmen såg me at Dom Cobb sitt første forsøk på å plante ein idé – the inception – var ved å få Mal sitt totem til å spinne evig i underbevisstheita hennar. Slik planta han ein íde om at limboverda var falsk (som førte til helvete). Christopher Nolan gjer, med slutten av filmen, nøyaktig det same. Med deg.

Christopher Nolan plantar – ved å ikkje vise at snurrebassen sluttar å spinne – ein idé om at verda Cobb har komen tilbake til ikkje er ekte, på akkurat same måte som Cobb gjorde med Mal. Med andre ord: filmen er i seg sjølv ein inception! Velkomen etter!

Diskutér gjerne på Kreativia.no

I dag tek me alt av!

torsdag 9. april 2009

Som i fjor, så tek eg vekk alle form for stilark på sida mi, og let den stå igjen utan ein tråd. Dette heiter CSS Naked Day, og er ei form for feiring av webstandards og semantikk. Du kan lese det meir utfyllande i fjorårets post.

Happy CSS Naked Day, i dag tek me den heilt ut saman med blant andre Ronny-André, Laila, Mia og BareThomas.

It’s time to show off your <body>!

5 ting du kansje ikkje visste om meg

søndag 30. november 2008

Meme-tid igjen! Denne gongen blei eg tagga av Stian, og reglane er som fylgjer:
Du må linke til den bloggen som tagga deg
Lag ei liste med seks (u)interessante ting om deg sjølv
Tagg fem andre bloggar, la dei vite det gjennom å kommentere på bloggen deiras.

Ting om meg:

  • tanketom har eit anstrengt forhold til begrepet “leggetid”.
  • tanketom spelte i ein kort periode althorn, ellers har han basiskunnskapar i ca. 7 instrument
  • tanketom har ikkje bilsertifikat.
  • tanketom har ei dialekt som er konstruert av diverse andre dialekter, deriblant bergensk, sognemål, sunnmørsk, nordmørsk og engelsk.
  • tanketom har generelt overraskande høg terskel for kva “kulde” er.
  • tanketom er i stand til å sovne midt i ein samtale, dersom omstendigheitene er riktige.

Ellers taggar eg Folkekrav, Valkyriana (ja, eg såg du har gjort noko liknande før), Ronny-André (lenge sidan du har skrive noko no, ta eit jule-mem), Håvard og Karin.

“Alle monner gjer ein stor å,” seier dei.

onsdag 15. oktober 2008

Blog Action Day 2008

Eller noko i den duren. Eg har aldri vore så flink med slike ordtak.

(mer…)

Surfefunn

tirsdag 30. september 2008

Om generell status for sida, og litt oppdateringar og sånt.

(mer…)

Til alle Googlarar der ute

onsdag 30. juli 2008

sure kvinnfolk? google er di løysing! eller?

Tenkte eg skulle trekke fram kva folk søker på når dei ploppar opp i bloggen min, både gode og dårlege treff. Og ja, dette er også ei anledning for meg til å trekke fram tidlegare ting eg har skrive.

(mer…)

Aasen-tunet med nye t-skjorter!

mandag 16. juni 2008

I 2008 er det 100 år sidan folkemusikaren Geirr Tveit og Olav H. Hauge vart fødd, båe frå Hardanger. I den samanheng har Probat på oppdrag frå HT08 utforma nokre fantastiske t-skjorter.

(mer…)

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon