Siste 15 artiklar

Film

2011 — eit avleda filmår

mandag 2. januar 2012

2011 var i stor grad eit år med filmar avleda frå tidlegare idéar. Ein kan sjølvsagt seie at alle tankar er basert på tidlegare arbeid, men då kjem ein plutseleg inn på Joseph Campbell og Star Wars og heile «imiterar livet kunsten eller kunsten livet?»-debatten, og det har eg ikkje plass til å redegjere for her. Det eg derimot har prøvd å gjere i år, er å leite etter dei gode filmane som ikkje er oppfølgjarar.

På årets topp 10-liste over mest populære kinofilmar er nemleg seks av dei ein direkte oppfølgjar, og fleirtalet av dei igjen er over nummer tre i rekka. Årets oppfølgjarar kjennest dog betre ut enn tidlegare, dei er der ikkje berre for å tene inn pengar lenger. Samtidig dukkar ei ny kjensle opp; dei er der kun for å blidgjere meg. Eg treng større utfordringar.

Filmen som best inkorporerar årets trend — utan å sjølv vere ein oppfølgjar — er Sucker Punch. For makan til oppgulp av tidsriktig kule ting: samuraier, kampsport, smekre damer, pen grafikk, og ei historie som plukker fritt og uhemma frå dataspel, sci-fien og det meste anna innan actionfylt underhaldning har eg ikkje sett sidan G.I. Joe… i 2009. Og den hadde i det minste ein franchise i ryggen.

Årets skuffelse

Eg veit ikkje heilt kva eg hadde venta, men Green Lantern gav meg i alle fall ikkje svara eg ville ha. I mi anmelding ymta eg frampå at mykje av filmens sjel kanskje låg att på klipperomsgolvet, like vel er eg skeptisk til å plukke opp den utvida versjonen på Blu-Ray.

Årets overrasking

Som ein reboot av ein allereie utstrekt filmfranchise hadde ikkje Rise of the Planet of the Apes gode mogelegheiter, historisk sett. Men med greit skodespel frå dei menneskelege figurane, og ei fantastisk oppvisning av Andy Serkis — mannen bak apa, vart det like vel absolutt ein sjåverdig film.

Det beste frå 2011

Der fjoråret hadde mange glimrande filmar som synte seg høgt på filmhimmelen, har årets filmjakt hittil vore som å leite etter dei tre kule bitane i ein stor boks med Lego. Og berre for å vise kor hyklersk eg kan vere som filmanmeldar, har mine tre favorittar dette året mange likskapar med tidlegare klassikarar.

Drive er ein valdeleg japansk hevnfilm i arthouse-stil og Rango er Chinatown satt til eit slags eksistensialistisk westernlandskap. Submarine er kanskje den mest originale filmen, sjølv om debutregissør Richard Ayoade nok kan takke amerikanske Wes Anderson for mange av filmgrepa sine. Eg gledar meg stort til å sjå kva Ayoade gjer neste gong!

Altså, topp 3

Drive: Heis-scenen er kanskje det mest kontrastfylte, «ømme, men jævlige», velregisserte point-of-no-return-punktet på årevis. Gosling skin i rolla si, sjølv om han stort sett held kjeft og stirrar ut i lufta.

Rango: Eit vakkert, morosamt og spinnvilt eventyr i den nye Ville Vesten, der Depps figur spelar på lag med heile verda. Om dette er eit teikn på framtida, kan det vere Pixar får kamp om animasjonstrona.

  • Mi anmelding hjå Kinosyndromet
  • Submarine
    Eit vakkert ungdomsportrett der helten ikkje er fantastisk vakker, og objektet for heltens kjærleik ikkje er objektivt fantastisk. Og midt oppi dette er det så søt-britisk som det er mogeleg å få det.

    Dette innlegget var på trykk i papirutgåva av Bergens Tidende i romjula. Gjengitt her med tillating.

    Sideblikk: Historia om «Metropolis»

    torsdag 8. desember 2011

    «Metropolis» er ein fantastisk sci-fi-film frå 20-talet. Meir er det ikkje å seie om det. Filmen utforskar ein urban dystopi, ein forferdeleg to-delt by der skiljet er stort mellom dei ulike klassane. Klassekamptemaet var ikkje uvanleg på denne tida, men regissør Fritz Lang tok heller til orde for sameining og harmoni enn væpna revolusjon — som enkelte av hans andre inspirasjonskjelder.

    Like vel vart filmen kraftig sensurert, og filmen opprinnelege 2,5 time vart klipt ned til omlag halvanna time, for å gjere den meir spiseleg for publikum både historie- og tidsmessig. Faktisk vart filmen endå kortare fordi den utanfor Berlin vart spelt av med 24 bileter per sekund sjølv om den var innspelt med berre 16. Dette har nok påverka korleis publikum på den tida mottok filmen.

    I si samtid vart den nemleg ikkje veldig godt motteke, sci-fi-forfattaren H. G. Wells syntest den var klisjé-aktig og for lik hans eigne verk. Blant filmens fans var derimot Joseph Goebbels, som skraut av filmens motiv og historie i ein tale i 1928. Det gav naturleg nok ein avsmak for filmen i perioden etter andre verdskrig.

    I notida er den derimot hylla som ei sterk påverknad innan film og sci-fi. Eit av dei mest openlyse eksempla er den store likskapen mellom «Metropolis» si maskin-kvinne Maria, og Star Wars sin forgylte C-3PO, men ellers er spor av den å finne i alt frå avslutningsscena i «Ghostbusters» til koreografien i musikalen «Hair».

    «Metropolis» sin originale klipp vart tapt allereie på 20-talet, og sidan den tida har mange vore på jakt etter den. I 1975 kom ein restaurert versjon, og i 2001 kom ein reinare versjon som sporenstreks vart innlagt på UNESCO si verdsminneliste. I 2008 vart derimot ein omtrent urørt kopi funnen ved filmmuseet i Buenos Aires, Argentina, og endeleg er det mogeleg å sjå heile filmen så nært det opprinnelege som mogeleg.

    Men kvifor skriv eg om dette no i desse juletider? Burde eg ikkje følgje den naturlege tradisjonen med å skrive om tradisjonar no som jula nærmar seg? Tidlegare i haust skreiv eg at du bør hugse Bergen Filmklubb oftare, og i anledning deiras 50 års-jubileum visar dei i kveld «Metropolis» i KP1. Du får sjå den nyrestaurerte versjonen frå 2008, med improvisert filmmusikk av Jørgen Larsson. Du har ikkje noko betre å gjere ein torsdagskveld enn å vere der!

    Dette sideblikket var på trykk i BT si papiravis torsdag den 8. desember 2011. Gjengitt med tillatelse.

    Sideblikk: 3D

    fredag 11. november 2011

    Med jamne mellomrom legg Peter Jackson — regissøren bak blant anna Ringenes Herre-filmane — ut videoar frå settet til dei komande «Hobbiten»-filmane på Youtube. Den siste av desse tok for seg kamera, og især 3D-teknologi. Filminteressert som eg er, og spesielt innanfor den tekniske biten, er dette 10 minutt eg med glede nytta i Jacksons univers.

    Samtidig så har eg merka meg alle dei som er skeptiske til 3D-teknologien. Noko eg for så vidt skjønar godt. Fordi for alle filmar som klarar å utnytte 3D på ein god måte, finst det for tida eit titals eksempel på dårleg utnyttig av teknologien. For kvar «Sanctum» — ein grottevandringsfilm som eg ikkje har turt å sjå i etterkant, i frykt av at eg vil finne ut kor dårleg den er utan 3D — finst det alt for mange «Clash of the Titans» eller «Alice i Eventyrland» — filmar som har fått ein tredje dimensjon trekt ned over hovudet. Dermed skjønar eg skepsisen, men eg vil gjerne få dele litt kunnskap med deg:

    Når du sit i kinosalen og stirrer på lerretet får du servert film frå prosjektøren med 24 bileter per sekund. Slik har det vore omtrent sidan stumfilmens tid. Den vante hastigheita er eit tidleg kompromiss mellom kostnad per meter film, og kor sakte ein kan få det før hakkinga mellom bileta er pinleg synleg. No til dags, med atskilleg fleire millionar i kassa — og desto fleire kamera som tek opp på harddiskar, og ikkje film — er dette eit mindre problem.

    Difor er det fleire — Peter Jackson er éin, og Avatar-skapar James Cameron er ein anna — som meiner det er på høg tid å heve lista for bileter per sekund, til dømes til 48. Blant cineastar er det sjølvsagt dette noko det stridast om. «Film er motion blur», seier dei — hakkinga som oppstår når noko beveger seg raskt er ein del av opplevinga. Samtidig er akkurat denne hakkinga ein av dei store syndarane som skadar verkelegheitskjensla som 3D-en prøver å gjenskape.

    Når ein aukar dette talet mot 60 — som er vidt rekna som menneskets «naturlege» antal bileter per sekund — vil lerretet i større grad verke som eit vindauge enn ei flate som film blir vist på. Når ein kastar ekte 3D — filma med to kamera, ikkje post-konvertert — oppå dette igjen, trur eg at 3D i mykje større grad kan oppnå sitt potensiale.

    Båe desse grepa — 3D filma med to kamera og auking av bileter per sekund til 48 — er teknikkar som dei to «Hobbiten»-filmane kjem til å ta seg nytte av. Og med tekno-geeken Peter Jackson bak spakane nektar eg å tru at det ikkje vert bra, og eg håpar at det samtidig vil konvertere ein del anti-3D-mennesker til true believers! 2012 vert kanskje ikkje jordas undergang, men eg håpar at denne openbaringa lever opp til mine forventningar.

    Dette sideblikket var på trykk i BT si papiravis torsdag den 10. november 2011. Gjengitt med tillatelse.

    DIY: Star Wars Christmas Heart Baskets

    tirsdag 8. november 2011

    Prototyping

    Last year, I felt I was severely lacking something essential, so I sat down to create Star Wars themed Christmas ornaments. The result was half a day of fooling around, which lead to a shoddy R2-D2:

    (For dei som føretrekk norsk tekst / For the ones preferring Norwegian text)

    SHODDY!

    Taking into consideration that it was two days before Christmas Eve, and that I still hadn’t finished the Christmas shopping, there’s no wonder it sort of stopped by itself. So, I promised myself that I’d pick up the pace next year, and make some pretty Christmas baskets…

    Half a year later, I’m left with this.
    OMG

    But, you didn’t click the link to bask in the glory of my baskets. Most likely, you’re here to learn how to make Star Wars Christmas baskets (or any christmas basket) for your own.

    RTFM

    In this guide, I’ll assume that you have a certain understanding of how to fold and weave a normal Christmas basket (if you don’t, here’s New Mexico State Universitys recipe for Christmas baskets.

    I’ll also take for granted that you have the following:

    • Several coloured sheets of paper, preferrably A4-format (and not too stiff)
    • A printer that prints A4 sheets
    • A hobby knife (preferrably a scalpel or some sort of exacto knife, I wouldn’t recommend using a pair of scissors)
    • A love of making weird stuff made from paper
    • Patience and fandom

    For the Christmas baskets I’ve chosen a split of three. This gives some room for freedom in choosing pattern, at the same time it’s not too hard to weave (especially for beginners). The pattern should be quadratical (almost), and to make it easier it should be symmetrical (it’s possible to make non-symmetrical patterns as well, but it takes more work, and I can’t be bothered to find out how).

    Because it should be symmetrical, it’s also an advantage if it’s not very organic (but this isn’t a demand). Star Wars characters fit this bill like a charm, because the most recognizable shapes are often uniform helmets and robots. The three I’ve chosen to show here are Darth Vader, C-3PO and a Stormtrooper helmet, but in principle you could do most things, as long as it fits the “formula” (why yes, even non-Star Wars motifs!).


    (Click for larger versions)

    How to make the baskets

    1. 1. Print a pattern on two sheets of paper of different colour
      • Two “ways” of choosing colour: Christmas colours, or the “correct” colours (matching the characters you’re making)
      • Warning: Lines printed on black paper is horribly hard to see. Darth Vader was a lot of work…
    2. 2. Fold along the stapled line, to make the pattern show on the outside of the folded sheet
      • For you origamiers, I’ve marked this one down wrongly, this should be a socalled mountain fold
    3. 3. Cut along the black solid stripes
      • Darth Vader has a line going straight through his face, this should NOT be cut (it was a mistake on my part when making the pattern).
      • Have patience, this is the most important part of the process.
    4. 4. The pink fields should only be cut from one of the two sheets
      • If you cut them from both, it’ll look funny. Assess which colour ou want to shine through the other, and cut from one of them. E.g. In the Darth Vader one, I’ve cut the pink fields from the black sheet only.
    5. 5. Weave the two parts together
      • Easy to say, hard to do. Be careful and try not to tear the sheet!
      • Tips: Use a pincer to pull the parts through hard openings.

    Do you want to make your own basket?

    If you want to make a basket — Star Wars or not — you can use this template:

    (Click for larger version)

    • You’ll need a bicoloured, simple symbol — quadratical-ish in shape — which i 6-7cm wide (for this template, you could scale up or down as you please).
    • For simplicities sake it should be symmetrical, but with some work asymmetrical motifes work as well (it only requires some mirroring).
    • The line of symmetry is the diagonal line of the document.

    It’s your turn, use the Force

    Make your own, Star Wars or not, and put them in the comments! I’d love to see what you can do.

    Sideblikk: Post-apokalyptiske bilar

    torsdag 20. oktober 2011

    Filmar som hovudsakleg er retta mot born er som oftast dei filmane som treng minst intern samanheng. Her kan hundar vere bestevenner med kattar eller revar, båtar vere levande, borna er smartare enn alle dei vaksne i verda, og alle snakkar sjølvsagt norsk.

    Noko av det artigaste eg veit når eg ser desse filmane er å setje dei små grå i sving. Eg prøver å skape ei heilheit ut av desse universa, å plassere dei i eit historieløp som kan fungere i vår verd — sidan dei ikkje alltid er så intellektuelt utfordrande i seg sjølv.

    «Biler»-filmane er eit veldig godt eksempel på dette. Internt har dei nemleg ein logikk, men når ein prøver å ta eit steg tilbake og sjå filmane i samanheng vert spørsmåla mange: Eksisterar menneska i denne verda? I så fall, kvar er dei? Om ikkje, kvifor har alle bilane seter? Pixar prøver kanskje sjølv å hevde at dette er eit menneskelaust univers, men som den konspirasjonsteoretikaren eg er klarar eg ikkje å sleppe tanken om at dette er etterdønningane av ein potensiell skrekkfilm.

    «Biler» og «Biler 2» er i mitt hovud lagt nokre hundre år etter at intelligente bilar, bygd av smarte endeleg revolusjonerar mot menneskerasen. Dei mjuke trafikantane vert femte hjul på vogna, og dei lakkerte, intelligente motorfartya byggjer ei ny verd — i sitt bilete — basert på den einaste verda dei kjenner. Den farge- og fartsfylte bilverda me ser er resultatet av det som i prinsippet er ein litt meir koseleg versjon av robotopprøret frå «The Matrix»-filmane.

    Sjåaren sit att med to filmar som er artig for ungane, men som er direkte skumle for slike som meg, som har lest for mykje sci-fi.

    Og med tanke på at «Biler» faktisk har teke mykje inspirasjon frå sci-fi-forfattaren Isaac Asimov er det ikkje så utenkjeleg. Asimov si forteljing «Sally» speilar nemleg ei framtid der kun bilar med «positroniske hjernar» er lovlege på vegen. Desse hjernane førar til at bilar får intelligens på høgde med mennesker — til og med personlegheiter — og dei er ikkje glad i bilseljaren som vil setje hjernane deiras inn i nye karosseri… Eg skal ikkje røpe slutten, men den er i alle fall verdt å lese! Og den gir frysningar på ryggen til dei som er skeptisk til bilen frå før.

    Er den årlege giftskya over Bergen berre første ledd i ei sakte overtaking frå bilane si side? Kven veit…?

    Tenk på det neste gong du vil kjøpe ny bil med stadig smartare GPS, telefonsystem, automatiske koppholdarar, og lukeparkeringshjelper — velg sykkelen i staden!

    Dette sideblikket var på trykk i BT si papiravis torsdag den 20. oktober 2011. Gjengitt med tillatelse.

    Sideblikk: Hugs filmklubben

    mandag 5. september 2011

    Kinosalen kan vere ei majestetisk oppleving. Den kan vere ein stad der kjensler vaknar, hjernen får bryne seg, eller berre ein stad der ein kan rømme litt frå kvardagen.

    I Bergen er Bergen Kino den enklaste staden å gå for storskjermserfaringar, med mindre du er av dei heldige som har velvaksen heimekino, sjølvsagt. Men det er dog éin stad som gjerne vert gløymd. Ein stad som gir deg både dei filmane som kinoane ellers ikkje tør å vise, eller dei fantastiske filmane som kinoane ikkje har vist på mange år. Eg snakkar Bergen Filmklubb, som denne hausten feirar 50 år.

    I fem tiår har nemleg filmklubben vist diverse filmskattar på ulike lerret gjennom byen. Dei siste åra har dei vore spreidd mellom blant anna Cinemateket og Landmark, men no har dei endeleg slått seg til ro hovudsakleg på Kvarteret. Ikkje lat det skremme deg!

    Denne jubileumshausten kjem dei til å ha sine faste filmar kvar onsdag, nokre spesialframsyningar og jubileumsfilmar kvar sundag — filmar som har betydd mykje for filmklubben si historie. Stumfilmen «Panserkryssaren Potemkin», som var filmklubbens første visning, vart til dømes vist opp igjen den 31. august. Ein viktig historisk film, som fekk nytt musikalsk vedheng her i Bergen.

    Eller kva med ei reise i kjemiens verden forelest av ein lærar frå Høgskulen, basert på TV-serien «Breaking Bad» sine mange etiske dilemma? Klassiske filmar som du ikkje har sett på kino før, som Dustin Hoffman sin gjennombrotsfilm «Manndomsprøven», eller den britiske perla «Withnail and I»! Det er óg spennande og sjå film ein ikkje ellers ville ha fått sett. Kvifor ikkje utfordre deg sjølv med litt britisk ungdomsfilm? Russisk postapokalypse? Spesielle, men utfordrande filmar, som kanskje kan utvide — eller bekrefte — din filmhorisont.

    Eg innrømmer gjerne at eg ikkje har gått så mykje på filmklubben som eg burde, men eg vil no prøve å gå i bresjen for å vere ein som stikk innom der når eg kan. For heimekinoentusiastane kan seie kva dei vil. Det er ikkje det same å sjå «Gudfaren» heime hjå seg sjølv. Det er noko heilt anna å høyre den kollektive gispinga, dei mange kvalte smålatterane, og dirringa ein kun har i ein sal der alle ikkje kjenner alle.

    I tillegg har ein jo sjølvsagt den nær totale mangelen på frekke 14-åringar med lysande iPhones og Rihanna-ringetonar. Det burde i seg sjølv vere argument godt nok for å reise på Filmklubben denne onsdagen og sjå «The Long Day Closes», ein britisk film om blant anna kjærleiken til lerretet og flukta frå kvardagskeisemda.

    Dette sideblikket var på trykk i BT si papiravis torsdag den 1. september 2011. Gjengitt med tillatelse.

    Fast and Furious Five

    torsdag 5. mai 2011

    I den femte installasjonen av «Fast & Furious»-franchisen er det asfalten i Rio de Janeiro som er hovudstad for handlinga.

    Eks-politimann Brian O’Conner og kjærasten Mia har brote Dom Toretto ut frå amerikansk fengsel, og dei har saman søkt tilflukt i vakre Sør-Amerika. Men som hardt etterlyste kriminelle er dei leie av å flykte, og bestemmer seg for å gjere ein siste jobb for å kunne søke tilflukt i nær kva som helst land som ikkje har utleveringsavtale til USA.

    Les resten av anmeldinga på BT.no

    Sanctum

    torsdag 5. mai 2011

    Frank McGuire og hans lag med veletablerte holedykkarar, har planlagt å entre eit av verdas største holesystem – Esa’ala på Papua Ny-Guinea – som hittil er uoppdaga av menneske.

    Les resten av anmeldinga på BT.no

    Sucker Punch

    torsdag 14. april 2011

    Om målet med “Sucker Punch” var å skape ein kultkalkun, ein film som blir sitert av vennegjengar i sofaer verda over på grunn av kitchy dialog og sært uttrykk, så klarer den diverre ikkje dét ein gang!

    Les resten av anmeldinga mi på BT.no

    Happy Life Day, folkens!

    fredag 24. desember 2010

    Wikipedia om Star Wars Holiday Special — George Lucas si største skam.

    Andre sider

    Om tanketom

    Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

    Om tanketom

    Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

    Om tanketom.net


    Administrasjon