Siste 15 artiklar

Film

Sideblikk: Luksusproblem

torsdag 11. august 2011

Blant samlarar og perfeksjonistar er det spesielt éi scene i High Fidelity som gir inntrykk. Dick (Todd Louiso) finn Rob (John Cusack) sitjande på golvet mellom musikkalbuma han er i ferd med å organisere. «Kva system går du for?» undrast Dick. «Ikkje kronologisk, ikkje alfabetisk». «Nei, det er autobiografisk. Sortert etter rekkjefølgja dei vart kjøpt i». Dick er mektig imponert. Rob held fram med å sortere livets små og store hendingar inn i livsløpet som skal danne rekkjefølgja på vinylsamlinga hans, og resultatet er ein av dei beste romantiske komediane eg veit om.

Like ambisiøs som Rob er eg diverre ikkje. Då eg flytta saman med sambuaren min stod me framfor den framtidige DVD-hylla. Det var ho som hadde idéen: «Kvifor ikkje sortere dei etter farge?» Me sette i gang. Marinblå vart sortert frå dei asurblå, oker frå umbra, og karmosin frå dei purpurraude, med mål om ei stove verdt ei heilside i eit kva som helst interiørblad. Resultatet vart skuffande.

Om det er på grunn av einsidig filmsmak eller fordi me trass alt ikkje er eit modellpar i eit modellhus i Bolignytt veit eg ikkje, men sanninga er at dei fleste DVD-ar ser ganske keisamme ut. Som følgje av dette var hylla delt i to like store delar — keisamt svart/kvitt, og regnbogefarga. Dog, hadde skuffande utsjånad vore det verste med dette systemet, hadde eg sikkert behaldt det lenger enn eg gjorde.

Neste filmkveld hender følgjande: Eg vil sjå Batman Begins, og begir meg inn i samlinga mi. Motet mitt fell raskare enn M. Night Shyalaman si karriere. Å finne Batman Begins i samlinga av anonyme, svarte filmryggar med kvit skrift fell kjapt inn i same arbeidsmengde som å finne ei knappenål i eit litermål med tørt gras: Ikkje umogeleg, men såpass irriterande at du vert nødt til å kome med høyrbare irritasjonsutsagn. Dette viste seg å vere eit tilbakevendande problem. Og, i ein tidsalder der sjølv mjølkekartongen har skrukork, måtte det gå som det gjekk.

Etter ein dag å ha leitt meg grønn i den blå delen av spekteret svartna det for meg, og i ein time med rein utagering sorterte eg filmane slik eg prinsipielt meinar at slike ting eigentleg bør sorterast: alfabetisk. Samlinga mi er neppe verdig gjennomsyn av Deweys decimalsystem, men eg kan iallfall finne filmen eg vil ha på kort tid. No gjenstår berre problemet med norsk versus engelsk tittel: «Set ein den norske versjonen av Ringenes Herre på R, eller saman med dei andre extended-Lord of The Rings på L…». Uff!

Men på den andre sida, om dette er kvardagens største problem, så har eg det eigentleg ganske bra.

Dette sideblikket var på trykk i BT si papiravis torsdag den 11. august 2011. Gjengitt med tillatelse.

TV-seriane eg gler meg til i haust

søndag 19. september 2010

Det er mange serier som startar kvart år, og diverre mange som sluttar (Kvil i fred, Firefly). Med hausten nærmar me oss høgsesong for alt som er nytt i amerikanske serier. Eg har trekt fram nokre av dei eg gler meg mest til!

No Ordinary Family

Kort oppsummert er «No Ordinary Family» litt som ein live-action-variant av «The Incredibles» med Michael «The Shield» Chiklis og Julie «Dexters kone» Benz i hovudrollene.

Serien skal følgje ein familie som ein dag plutseleg får superkrefter etter at flyet deiras kræsjar på ein ferietur over Amazonaselva. Tidlegare nevnte «The Incredibles» er ei naturleg referanseramme, med sine familiedrama sett i ei superheltmiljø.

Dei to meisterhjernane bak serien er «Brothers & Sisters»-produsent Greg Berlanti og «Dirty Sexy Money»-skribent Jon Harmon Feldman. Første episode er regissert av David Semel, som tidlegare har regissert alt frå «Dawsons Creek» til «House M.D.»!

Første episode — piloten — vart sluppen på internett (og dermed lagt ut på internett i diverse former) allereie i sumar, men skal gå frå 28. september på amerikansk ABC. Foreløbig ingen norske kanalar som har plukka opp denne.

Boardwalk Empire

«Boardwalk Empire» er ein serie frå prohibition-tida, då mafiaen styrte USA ved å kontrollere alkoholtilgang. I tillegg har den Steve Buscemi i ei sentral rolle. Kva meir treng du å vite?

Serien er basert på boka Boardwalk Empire: The Birth, High Times, and Corruption of Atlantic City, skriven av same mann som skreiv «The Sopranos». Seriekonseptet er utvikla av sjølvaste Martin Scorsese — som óg har regissert første episode!

Første episode — går faktisk på HBO allereie i dag — 19. september! Ingen norske kanalar har plukka den opp foreløbig, men NRK har etter kvart ein tradisjon på å plukke opp suksessfulle HBO-serier («The Sopranos», «The Wire»), så me kan jo håpe!

The Walking Dead

«The Walking Dead» er basert på suksessfull Image-teikneserie av Robert Kirkman som blant anna vant ein Eisner (teikneseriens Oscar) i fjor. Det kanskje mest interessante er at den er regissert av Frank Darabont, mannen bak «The Shawshank Redemption», «The Green Mile» og «The Mist»!

Serien handlar om ein politibetjent — spelt av britiske Andrew Lincoln (frå blant anna «Love Actually») — som fell i koma etter ei ulukke, og våknar opp i eit post-apokalyptisk USA der zombiane rår!

«The Walking Dead» har premiere på AMC den 31. oktober — Halloween, sjølvsagt — og er foreløbig ikkje plukka opp av norske kanalar.

Shit My Dad Says

Av alle ting, så er denne serien basert på ein Twitter-konto (@shitmydadsays), skriven av ein kar med ein far som seier mange gullkorn. Det er premisset — det er alt.

Så kvifor har eg litt trua på denne serien? Vel, fordi Twitter-kontoen faktisk er morosam — og på grunn av William «Kirk» Shatner! Bortsett frå det, ser dette ut som ein hvilken som helst sitcom, éin relativt vanleg familie, og éin sprø karakter.

«Shit My Dad Says» har premiere 23. september på CBS — som har fostra gode sitcoms før, td. «How I Met Your Mother» og «The Big Bang Theory». Dette vert ein klassisk TVNorge, TV3, Viasat4-serie, med andre ord!

Dette er nokre av dei nye seriane eg skal prøve å få med meg i løpet av året. Kva har du tenkt å sjå?

Slashignore – Thats no moon, it’s a police station!

lørdag 18. april 2009

BBC melder at Strathclyde Police, Skottlands største politistyrke, har åtte betjentar og to ansatte som har ført opp «Jedi» som religion.
Slashignore – Thats no moon, it

Slashignore – ny trailer for Harry Potter og Halvblodsprinsen

lørdag 18. april 2009

Slashignore – ny trailer for Harry Potter og Halvblodsprinsen

Kortfilmar: Alex Butera | Kreativia.no

torsdag 16. april 2009




Kortfilmar: Alex Butera | Kreativia.no

Slashignore – A Couple Of Dicks

torsdag 9. april 2009

Filmen er ikkje nokon stor-budsjetts-produksjon, trass nokre av dei store namna som er med, noko som gleder meg. Det er slike ting som får meg til å føle at filmen er gjort fordi det er morosamt, og ikkje berre fordi folk treng meir pengar..

Slashignore – A Couple Of Dicks

Cloud Number Nine – heimelaga teiknefilm

lørdag 5. juli 2008

Look what I can do! Eg debuterar på Youtube med ein animasjonsfilm eg lagde for nokre år sidan. Ein gong må vere den første.

(mer…)

Banneremse

tirsdag 29. januar 2008

idfuckmehard.png

Etter å ha sett over nokre av mine tidlegare postar har eg komt til at eg bannar alt for lite. Dette bør eg gjere noko med. Og difor har eg valgt å søke inn profesjonell hjelp.

(mer…)

Hobbiten – no også som film!

onsdag 19. desember 2007

Ikkje berre ein, men to faktisk. New Line, og Peter Jackson, som også samarbeidde på Ringenes Herre-filmane har no avtalt å samarbeide om filmprosjektet etter litt trøbbel rundt avtalepunkta tidlegare.

(mer…)

Paradokset ved reklame

fredag 14. september 2007

Det må vere fælt for filmanmeldarane å sjå si eiga filmmelding like ved ein reklame for filmen dei nett har slakta.

(mer…)

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon