Minecraft er halv pris fram til i morgon!
søndag 19. desember 2010
Kva?
Minecraft, spelet der du gjer akkurat det det står på boksen — mining and crafting — er framleis i alfaversjon. Det vil seie at du kan få dette herlege, merkelege spelet til halv pris, fram til i morgon.
Den 20. desember går nemleg spelet inn i beta, og eg vil anbefale alle med ynskje om skaparkraft og ei litt annleis speloppleving å kjøpe seg spelet. Då kan du bygge holer i randomgenererte fjell, samle gull til å lage ein rekonstruksjon av Kheopspyramiden, lage underjordiske grisefarmar, berg- og dalbaner, og alt anna du kan kome på!
Kven?
Spelet er utvikla av svensken Markus Person — med internett-nicket Notch — og er nærast definisjonen på eit uavhengig spel, laga for det motsette av marknadskreftene. Vel er grafikken gamaldags, men det er det første spelet på lenge som har fått det til å grøsse nedover ryggen min, spesifikt då eg såg nedover ei mørk hole — fylt med mogelegheiter — og verdas skumlaste gys sneik seg ut av høgtalarane mine.
Minecraft er eit av spela der det verkeleg berre er fantasien som set grenser, og eg anbefalar det difor på det sterkaste!
Kvar?
Spelet kan kjøpast via PayPal — eg veit — på nettsida minecraft.net, der du og spelar spelet — enten via nettlesar, eller ved å laste ned spelets eigen påloggingsklient.
For ein liten smakebit på korleis din første dag i Minecraft gjerne kan vere, sjå videoen under:





