Filmmelding
Sort list by: title | rating | view date ↓
May, 2009
-
2009-05-08 00:04
Grei actionfilm. Kameraføringa gir den ei «Jason Bourne Sr.»-kjensle. Kjekt å sjå Liam Neeson igjen.
0.3 -
2009-05-06 15:00
Chris Pine ER Cpt. Kirk, dog utan stakkato stemme. Fanatiske trekkies vil kanskje ikkje like omlegginga Abrams har gjort med historia, men det er ein godt gjennomført film!
0.3 -
2009-05-03 21:10
Greit nok plott, med enormt kristen symbolikk. Slutten øydelegg heile filmen. Kva faen, liksom?
0.3 April, 2009
-
2009-04-30 16:00
Den einaste fysiske kjensla denne filmen framkalte, var at den stadig pirka borti brekningsrefleksen min. Mellomgulvsbrokk neste!
0.3 -
2009-04-01 09:00
Raske damer, vakre bilar, og det tøffaste paret i Hollywood. Utnytter ikkje historia så godt som dei kunne, det blir berre "endå ein" F&F-film. Lengre tekst-anmelding og Radioanmelding.
0.3 March, 2009
-
2009-03-10 08:00
Sterk rolletolking av Rapace! Filmen er tett og kompakt og er ei god historie som er godt fortalt. Svenskane og danskane klarar dette med mørke historier, som nordmenn stort sett ikkje får til. Radioanmelding.
0.3 -
2009-03-04 08:00
Den er så nært opptil teikneseria som ein film kan kome, men den har nokre svakheitsteikn. Eg koste meg like vel stort dei 2,5 timane! Lengre tekstanmelding og radioanmelding.
0.3 February, 2009
-
2009-02-10 15:05
Veit du kva, Harald? Det her kunne du og Steve verkeleg ha spart meg for.. Radioanmelding.
0.3 January, 2009
-
2009-01-08 21:15
Jim Carrey er tilbake. Klassisk romantisk komedie, men med eit gummiansikt oppå. Søt galskap. Eg lurar derimot litt på kvifor Jim Carrey er minst 10 år eldre enn alle venene sine.
0.3 -
2009-01-02 20:00
Den beste botswanske filmen eg nokon gong har sett (og einaste)! Dels dokumentar, dels slapstick og dels spissfindig samfunnskritikk.
0.3 December, 2008
-
2008-12-08 21:10
Kevin Smith med sin første View Askew-film litt utanfor dei andre sin omgangskrets. Eg lo meg tullete, og slutten er akkurat så "teit" som ein kan vente av ein av hans filmar. Verdt å sjå (og du får verkeleg sett ein del)!
0.3 -
2008-12-06 00:47
Om svensk pønk si spede byrjing, og alt som skjer med ungdomsband frå start til plateutgivning. Søtt, hardt, og veldig morosamt.
0.3 -
2008-12-01 18:38
The Day the Earth Stood Still (2008)
Heilt grei actionfilm som set fokus på korleis me menneska behandlar miljøet vårt. Keanu Reeves i rolla som Keanu Reeves.
0.3 November, 2008
-
2008-11-23 22:30
Såg denne igjen. Framleis god. God "planting og hausting", gode karakterar (spesielt Osmont i rolla som ungen), god historie. Ein likar slikt. Berre synd Shyalaman bukka litt nedunder i dei seinare åra.
0.3 -
2008-11-05 10:45
Jason Bourne 4? Ein ok actionfilm, men absolutt ingen James Bond-film. Forster har teke med eit av tradisjonane, men han har drept eit par av dei viktigaste..
0.3 October, 2008
-
2008-10-26 20:50
Trond Aurvaag gjer eit godt stykke arbeid som "Mannen". Erlend Loe sin merkelege dialogteknikk fungerar eigentleg betre i bøkene, men er veldig underhaldande. Det skal ikkje vere ekte, det skal vere litt surrealistisk. Og surrealistisk er det absolutt.
0.3 -
2008-10-26 02:00
Dr. Strangelove or: How I Learned to Stop...
Vakker utsjånad (ja, svart/kvitt kan vere nydeleg), briljante, dog litt karikerte figurar, og ei artig historie gjer denne til ein av dei beste Kubrick-filmane nokon sinne. Peter Sellers er flott som dei tre vidt forskjellige karakterane (eller skal ein kanskje seie fire?) han spelar.
0.3 -
2008-10-22 02:00
Litt som Superbad, minus ein god del sex, satt til ungdomsskulen. Tre nerdar ansetter livvakt for å verne seg mot ein mobbar, og får det dei betalar for.. Owen Wilson er filmen sitt absolutt svakaste punkt (som vanleg?)
0.3 -
2008-10-21 22:50
Ta Bram Stokers Dracula, ta vekk glamouren, erstatt Dracula med ei lita jente, og set alt inn i 70-talets Sverige. Fantastisk søtt, fantastisk skummelt.
0.3 -
2008-10-20 22:45
Veldig, veldig søt! Jenta i filmen er eit funn av dei sjeldne, og du går ut av salen med eit smil om munnen.
0.3 -
2008-10-19 22:50
BIFF - Gonzo: The Life and Work of Dr....
Til trass for at dokumentaren er nær to timar lang, så blir det aldri keisamt. Hunter S. Thompson er ein sjeldan rase, som det er umogeleg å lage dårleg underhaldning av.
0.3 -
2008-10-18 21:00
Det er så søtt! Happy endings er oppskrytt! Ikkje verdas beste film, men absolutt verdt å få med seg for filmentusiastane. Driving Miss Daisy vil aldri bli den same igjen!
0.3 -
2008-10-18 16:02
Nausicaä of the Valley of the Wind
Nok ein Ghibli-film. Vakkert som vanleg, og ei flott historie. Men kanskje lyden og biletet snart kunne trenge ei remastring?
0.3 -
2008-10-17 23:15
Den kødder med eit utal action- og rusklisjear, og er den moderne buddy/hasj-komedien. Eg lo på meg ei relativt kraftig hovudpine. Det seier vel sitt.
0.3 -
2008-10-15 23:00
Snowball Effect: The Story of Clerks
Artig innblikk i historia bak ein av mine favorittfilmar. Førhistorie, området, karakterane, problema og distribusjonsproblema. Alt er her!
0.3 -
2008-10-13 18:00
Filmen har blitt "berre" ei trist historie med alt for små glimt av dei geniale, filosofiske samtalane i boka, noko eg tykkjer eg synd. Forresten artig å sjå Aksel Hennie i rolla som Ariel, ein barnsleg, nesten Michael Jacksonsk figur.
0.3 -
2008-10-09 10:00
Sterkt bilete av mafiaen sin napolitanske lillebror, camorraen. Absolutt ikkje ein teatralsk Gudfaren, men ein skitten, realistisk film.
0.3 -
2008-10-05 21:15
Nyansert bilete av både nazistar og fridomsforkjemparar (eller var det terroristar?) i krigen. God bruk av kontrastar mellom dei to hovudpersonane.
0.3 -
2008-10-03 11:48
Dustin Hoffman er utruleg søt i rolla som tankefull, ung mann som rotar seg inn i ein fling med den eldre Mrs. Robinson. Men kva skjer når han forelskar seg i dattera hennar?
0.3 September, 2008
-
2008-09-29 15:30
Forviklingar i den vietnamesiske jungelen. Den første timen, fantastisk. Resten, litt mindre fantastisk. Framleis ein knallfilm.
0.3 -
2008-09-27 02:30
Endå ein View Askewniverse-film. Har handling same dag som Clerks, kun med nokre få ting som bind dei saman. Absolutt verdt å få med seg om du er Kevin Smith-fan.
0.3 -
2008-09-26 09:00
Rotete framstilling av ei ellers god historie. Gode skodespelarprestasjonar.
0.3 -
2008-09-24 21:00
Det er så fantastisk. Så fantastisk søtt. Fantasi har god grobunn i religiøse kretsar, og med eit videokamera kan ein få til det meste!
0.3 -
2008-09-15 08:45
Filmen er jo dårleg, men eg klarar ikkje å late vere å le. Adam Sandler sitt take på Midt-Austen-konflikta. Ikkje forvent anna enn kukspøkar og pubertal humor.
0.3 -
2008-09-08 10:30
AD/HD-film for sukkerkickgenerasjonen. Med denne farta kan Vanguard Animation aldri, aldri, aldri nå opp til filmar som Wall-E eller Shrek.
0.3 August, 2008
-
2008-08-23 19:39
Ok komedie om ein gut utan immunforsvar som forelskar seg, og reisa han foretek for å kunne stoppe bryllaupet til sin utkåra.
0.3 -
2008-08-23 13:33
Transseksuelt malforma rockstjerne som fortel om si historie. Direkte frå musikal. Ikkje heilt imponert, men eit par morosame situasjonar absolutt.
0.3 July, 2008
-
2008-07-07 14:57
Skodespelaren Andrew kjem til heimstaden då mor hans døyr, ein stad han ikkje har vore på årevis. Søt film regissert av Zach Braff, betre kjent som J.D. frå Scrubs.
0.3 -
2008-07-06 19:00
Eg ler meg skvett i hel. Folka bak zombie-film-parodien Shaun of The Dead har laga ein Bad-Boys-parodi av dei sjeldne.
0.3 -
2008-07-05 13:40
Etter års perversering frå American Pie si side, er high-school-filmen tilbake der den skal vere. Morosamt!
0.3 June, 2008
-
2008-06-09 13:33
Kevin Smith sitt (foreløbig) siste tilskot til View Askewniverse. 10 år etter den første filmen jobbar dei to no i fastfoodkjeda Mooby's, og med unntak av litt anna persongalleri er mykje det same. Ikkje at det nødvendigvis er negativt.
0.3 -
2008-06-06 19:00
Eg kan ikkje anna enn å elske Kevin Smith. Åh, så morosam. Åh, så nerdete. Åh, så alt mogeleg anna. Marginalt betre enn Clerks 2.
0.3 May, 2008
-
2008-05-05 19:30
Overraskande kor estetisk ein blodig kamp mellom innolja menn i minimale lærkostymer kan vere. Den følgjer teikneserien tett, og den følgjer teikneserien bra.
0.3 April, 2008
-
2008-04-24 02:13
Søt, søt, søt. Ei utradisjonell mor i ei utradisjonell verd. Me kan like slikt.
0.3 January, 2008
-
2008-01-02 11:53
Robert Legend er heilt åleine i verda. Grei film, med ein for kraftig Jesus-følelse, og ein horribel slutt (iallfall i forhold til boka).
0.3 December, 2007
-
2007-12-29 00:57
Javier Bardem er den skumlaste mannen på jordas overflate.
0.3 July, 2005
-
2005-07-23 21:00
Lock, Stock and Two Smoking Barrels
Forviklingar i det kriminelle miljøet i London. Har du ikkje før sett eit skifte i historia, så kjem det ei vending til. Du er aldri heilt sikker på korleis det endar.
0.3
List generated by WP Movie Ratings.
